FN til Svalbard?

Av Norvald Aasen. 
Til statsminister Erna Solberg, regjeringa. 

Eg er kjend med at du skal dra FN med deg til Svalbard. Finnst det ingen grenser for dine påfunn når det gjeld å få Noreg inn i FNs tryggingsråd og å sikre deg sjølv ein plass der?

Vi nordmenn har snart mista det meste av det som vi som nasjon rekna som vårt etter Gro Harlem Brundtland og dine hysteriske framstøytar kloden over for å vinne merksemd for eigne ambisjonar, og å vise fram våre oljepenger som lokkemiddel for røyster til jobb i FN. Denne udemokratiske luksuseliten sin migrasjonsplan kunne heller ikke avvisast, det ville ført til at nokre u-landsrøyster hadde uteblitt. 

Eg orkar deg ikkje lenger som Noregs statsminister, når du kjem trampande inn på podium rundt om på kloden etter forureinande flyreiser på kryss og tvers i jorda sitt luftrom, då slår eg av TV-en. Du er ikkje lenger min statsminister! 

Det norske folk er ikkje lenger interessant for deg og dine, heller ikkje Noreg, det sa du nyleg på ei "misjonsreise" til Tyskland. Nordmenn har ingen rettar i eige fedreland, fekk vi vite. 
Dette skal eg minnast. 

Tillegg: Frå Ivar Aasen til å legge seg på hjarta og sinn:
"Lat det ganga fram, lat det siga,
berre eitt eg ynskjer og bed:
att me ikkje så høgt maatte stiga,
at me gløyma vaar fedranesed". 

Norvald Aasen, 6983 Kvammen
t: 57731844    

Som nordmann krev eg at statsminister og utanriksminister får lese mine tankar, vi - Noregs rettmessige eigarar har lenge nok vore ignorert av maktadelen.

d.s.