Hollywood-eliten

Av Norvald Aasen.

Til Agnes Moxnes, kulturkommentator i NRK.

Eg høyrde deg på Dagsrevyen i går den 10. feb. 2020, i samband med di omtale av prisutdelinga for eliten i Hollywood.

Der kom det fram vondskapsfulle spark til president Trump i eindel takketaler. Eg har nokre kommentarar:

Du sa at dei fleste av skodespelarane røysta på Demokratane, Ja, vel! Kva seier dette meg? Det seier meg at ein elite som veltar seg i luxus og pengar og som ikkje gjer den døyten av samfunnsnyttig eller matnyttig arbeid, men flyt rundt på ei sky med sjølvheider, og der dei i sine festantrekk delar ut prisar til kvarandre, slik menneske er det som røystar Demokratane! 

Det må då vere flott for President Trump at denne eliten sender stikk til han! Denne eliten tener kun seg sjølve!

Vi ser ofte at media tek fram norske luxusutgåver som vert lagde merke til i Hollywood. Er det noko som er så stort, då?

Var det ikkje betre at dei fann seg eit samfunnsnyttig arbeid i eige land i staden for å sikle etter den luxusen og sjølvheider som fylgjer med status som stjernekjendis?

Noreg var eingong eit folk av slitarar som ofra seg for familien, heimen og landet. Det var ærefullt! I dag er Noreg vorte eit leikeland for fjollete og egoistisk toskeskap.

Ein annan ting eg vil nemne på slutten i denne morgontimen er at eitkvart stikk til Trump, den mannen som amerikanarane valde som sin president, vert tydeleg motteke med takk og store oppslag i NRK. Det har vel knapt vore ei nyhende sending i NRK og i resten av norske media der det ikkje har framkome negative oppslag om Trump. Eg seier at Trump må vere ein utruleg sterk person som har kunne motstå, og stå oppreist, gjennom fleire år med sjikane, sladder og heksejakt ikkje minst frå dykk i media.   

Eg føretrekk å støtte hakkekyllingane i samfunnet og i verda, difor vil eg støtte dei som vert utsette for den nådelause hetsen som dagens media kan prestere mot slike som dei ikkje likar, slike som ikkje finns på den politiske venstresida!

Norvald Aasen,
6983 Kvammen