Til Jan Hanvold i "Studio Direkte"

Av Norvald Aasen. 

Hallo, Jan Hanvold, ein person, og ditt føretak, som eg har forsvart når du har blitt kritisert.

Men no vart eg skuffa:

I dagens Norge IDAG (13.02. 2020) ser eg at du intervjuar ein som heiter Henning Breivik. Han skal ha bedt til Gud om at denne IS-terroristkvinna skulle få komme heim. Ser ut på bilete som de to trivest i kvarandre sett selskap?

For det fyrste, Hanvold, så er denne kvinna sitt heimland Pakistan, og om ho ikkje trivdes lenger med terrorisme i Syria eller andre arabiske land så er det i eit anna muslimsk land ho høyrer heime.

2: Kvifor skal vi støtte såkalla kristne organisasjonar og tidsskrifta som innerst inne forsvarar islamiseringa med m.a. kyrkjeasyl for muslimar, henting og klapp på skuldera for terroristar, når vårt land er i den største fåre. Og vi opplever vår nasjon sitt verste landssvik som vi trudde kristne talspersonar og organisasjonar skulle motverke og redde landet frå?

3: Den rørande omsorg og omtanke for born av migrantar, asylsøkjande lukkejegarar både i Noreg og i utlandet medan norske born i tusentals vert drepne i mors liv og ikkje vert felte ei tåre for av desse kristne pastorane, biskopane og andre som kallar seg "kristne"! Abortlova til fru Brundtland har no fått verke i 40 år, og du kan rekne ca 13000 born av norsk ætt som kvart år ikkje får lov til å verte fødde eingong. Gang desse tala og du kjem til eit tal som kan kallast folkemord på eit lite folk! Men så er det såkalla "kristne" som ber til den kristne Gud om at dei som slaktar ned kristne over heile verda skal få fritt leide til - og fri velferd i Noreg.

Kvar er du, Jan Hanvold? Og no stussar eg også meir og meir over avisa og organisasjonen Norge IDag.

Norvald Aasen,
6983 Kvammen

--------------------------

Hei. Du har ikkje svart på mitt brev av 13.02 då.
Så dei stakkars kristne som fekk strupen skåren over eller ei revolverkule i nakken eller valdtekne, hadde desse ikkje teke imot Jesus? Så Henning Breivik kan sove trygt for eit islams Noreg og kriminalitet, han bryr seg ikkje om landet vårt vert islamsk, men berre om eiga og IS sin velferd? Maken til drittprat! Aldri meir finn mine kroner vegen til dine tiggarbøsser.
Eg synes du burde svare meg!

Send gjerne brevet vidare til din ven, Henning Breivik.

Norvald Aasen