Eldregåve til Raude Krossen

Av Norvald Aasen. 

Til Sylvi Listhaug, Frp  og Apeland, Raude Krossen

Kjære deg Sylvi!

Nyleg fortalde du om at du ville arbeide for at det vart bevilga pengar til omsorg for dei eldre som no i desse karantine tider lir av einsemd og ofte sit åleine i bustadane sine.

Dette er prisverdig, Sylvi, men det eg stussa litt over var at desse pengane, visstnok 400 mill. kr., skulle gå til Raude Krossen.

Er det ikke denne organisasjonen som stadig vekk går med tiggarstaven og visstnok også har milliardar på sin konto? Og er det ikke denne organisasjonen som er stadig framme med krav om at grensene skal opnast for migrantar, asylsøkjarar og andre som aktivistar organiserar inn i migrantleirar? Er det ikkje også denne organisasjonen som krev at vesle Noreg skal ta imot av dei tusenvis som vert frakta over Middelhavet i rein pirattrafikk? Har ikkje også denne organisasjonen drive asylmottat?

Eg minner om at i høve til dei framande som RK har vore medansvarlege for har kome inn i landet, så vert vi nordmenn ein stadig mindre andel av innbyggarane i Noreg.

Eg kan også minne om kva tidligare generalsekretær i Raude krossen, Odd Grann, uttala då asyldørene vart opna for alvor av Gro Harlem Brundtland i 1986: "Vi har plass, vi har råd, vi har hjarte og sinn til å ta imot alle som vil kome hit." - Sitat etter minne (som er rimeleg bra).

Innan Raude Krossen veit dei at det er frå multietniske og multikulturelle samfunn mestedelen av folkevandringane skjer, og at folkeveksten, motsetningar, krig og vanstyre er det som utløyser vandringar. Er det slike tilhøve RK og dei andre liknande "hjelpeorganisasjonane" også ynskjer i vårt land når dei arbeider for dette mangfoldet som slett ikkje er noko fellesskap same kor mykje dei snakkar seg varme om det store "VI". Dette "VI" vil berre skape elende og inga lukke for nokon - og aller minst for dei som vert påtvinga det! Dei frie folka og nasjonalstatane - i alle høve det norske - skal bort! 

Det var etter Odd Grann sin lovprising av asylinnvandringa at eg melde meg ut av det som eg oppfatta som den bokstaveleg tala "Raude krossen", sidan har eg ikkje gjeve ei krone til dei eller støtta dei på anna vis.      

Sjølv er eg 76 år i desse dagar, min sambuar er 83. Me har ikkje stor kontakt med andre slik stoda er i verda no, men eg ynskjer ikkje å få besøk av nokon med den raude krossen på skjorta.

Eg synes RK sviktar vårt land og den delen av folket som vil verne om vårt norske samfunn. Dei andre får det truleg slik dei vil ha det? Stakkars Noreg, nørst i grendom, som vert vårt tapte ættarland.

Norvald Aasen, 
6983 Kvammen