Til Redaksjonen i Norge IDAG

Av Norvald Aasen. 

Vennligst videresendt mitt brev til Dag Øyvind Juliussen.

Som abonnent på avisa lyt de finne dykk i at eg kjem med kommentarar til det eg les.

Herr Dag Ø. Juliussen.

På side 26 i avisa Norge i Dag nr. 27. 2020 skriv du at vi (eg) "må be for kirkens nye preses", - Olav Fykse Tveit -

Det er jo svært så mange av dei som ikkje vil oss vel som vi vert oppmoda om å be for. Det er kanskje på tide å be for landet vårt, vår fedre- og mødrearv, og den delen av vårt folk som slit med å verne om landet vårt? Og der vi er motarbeidde av det eg kallar dei tre P-ar, politikarar, pøblar og politi, men også av ei agressiv og vondskapsfull media.

Eg skal slett ikkje bruke den minste energi på å be for korkje kyrkja sin preses eller dei andre i dette bispepanelet. Eg minnast guten som sa då han såg alle biskopane kom ut av ei kyrkje, "her kjem visst heile kortstokken". Det er vel også 12 biletekort i kortstokken, så det kan jo passe. 

Då eg såg biskopane med sin såkalla preses i spissen kom ut av den erverdige Nidarosdomen så måtte eg berre slå av TV-en. Slikt hykleri, svik og falskheit betakkar eg meg for!  

For ei tid sidan vart vi gjennom NiD oppmoda av organisasjonen Åpne Dører om å vere med på ein månad lang bøneaksjon for muslimar under Ramadan. Dermed har eg gitt mine siste gåver til denne organisasjonen som eg hadde slik tiltru til.

Vi skal altså be for eit system, eg har vanskar med å kalle det ein religion, som har i si lærebok at vi som ikkje trur på det same som det muslimane gjer er etterkomarar av aper og svin, og at truande muslimar kan drepe oss når dei finn det passande. Alle muslimar har same læreboka som dei lever etter. Nyleg har vi sett muslimar gjennom den islamske staten (IS - er globalt) har gått fram mot sine medmenneske på det mest grufulle som vi kan tenke oss. 

Sterke krefter i Noreg, også Krf og biskopane har vore svært aktive i kravet om å få IS-avleggarar til Noreg. Kva er det desse aktivistane ynskjer for dei kristne rundt om i verda?  

Og Åpne Dører har gjeve seg ut for å ville verne om dei kristne, og så bed dei oss vere med på ein månad lang bøneaksjon for dei som drep kristne over heile verda? For eindel år sidan kom det ut ei bok som visstnok var skriven av ein muslim og der nordmenn var kalla "Satans Sønner". Kor ofte skal vi snu det andre kinnet til i det nærmast oss pålagde knefall for islam gjennom globalismen sitt nye "paradis"? 

Verda er spinngal, men eg nektar å vere med på galskapen!

Med helsing
Norvald Aasen, 
6983 Kvammen