Dagsrevyen 06.01. 2021

Fra Norvald Aasen. 

Til Sofie Høgestøl, NRK og UIO.
 
Vi som av og til er innom NRK og Dagsrevyen er ikkje vande til den heilt store saklegheita og nøytrale haldninga som vert bedreve i NRK-huset. Same elende finn vi også i TV2-huset, men der har eg slutta å vere innom.
 
På Dagsrevyen den 6. jan. 2021 fekk vi servert koseprat mellom deg og Ingerid Stenvold der Trump var temaet.

Det er lite informativt det som vi får servert når antipatien mot Trump og sympatien for Biden og co er så tydeleg under dykkar teaterframsyning.
 
Men når sjølvaste tidlegare sjef for kringkastingsrådet seier at det ville vere unaturleg for NRK å vere nøytral i forhold til Trump så er det ikkje anna vente enn at dei som vert framstilte som ekspertar i det eine og det andre høvet er plukka ut etter deira personlege haldningar og meiningar om Trump, og gjerne etter deira ideologiske og politiske ståstad.
 
For meg er det urovekkande at ein institusjon som NRK som lever av påtvungne inntekter i milliardklassen ikkje skal fortelje sanninga, men heller drive propaganda for venstresida og andre som hatar Trump. Og det er urovekkande at norske media, og i særdelesheit NRK, har drive ei heksejakt og nedrakking på han som det amerikanske folket valde som president i 2016. Eg kan ikkje minnast at eg ein einaste gang eg har vore innom Dagsrevyen dei siste fire åra at det ikkje har vore sjikaneinnslag og nedrakking mot Trump. Og slik har det vel stort sett vore i all venstreekstreme media i heile Vesten. Trump må verkeleg hatt ei sterk helse. Sterk helse har forresten vi alle som ser lygnene og propagandaen i det daglege mediabilete, og som vi er påtvinga å vere med å betale på. Dei er saftig løna aktørane innan mediaadelen.
 
Er du nøgd med din rolle i hetsen mot Trump, Sofie Høgestøl? Trur du den inngir tillit hos oss som likar rettferd og sanning i det vi vert fortalde?
 
Norvald Aasen,
6983 Kvammen

Kommentarer