Karoline (28): «Jeg angrer på kjønnsskiftet»

Karoline angrer på at ho kom ut som trans.
Foto: Renate Wiik
Fra ABCnyheter

Eg får aldri vere noko meir enn trans. Det er det folk ser.

Når det stormar som verst angrar Karoline Skarstein (28) på at ho kom ut som trans.

Eg angrar på kjønnsskiftet.

Nei, dette er ikkje starten på den «flommen av angrarar som vil saksøkje staten» som transhatarane snakkar om.

Eg angrar ikkje på at eg landa, at eg lærte meg å akseptere min eigen kjønnsidentitet, eg angrar berre oftare og oftare på at eg sa det høgt.

«Ho ser jo HEILT ut som ei jente»

Ingen journalistar ringjer Emma Ellingsen for å spørje om kor ho tissar, eller om ho ikkje fryktar at ho kan kome til å skremme vatnet av cis-kvinner (kvinner som født jente, red.anm) om ho ein dag dukkar opp i ein garderobe. «Ho ser jo HEILT ut som ei jente», seier dei. Men, Karoline, det gjer ikkje du.

Det er vel få som kjenner meir på utsjåandefokuset enn det transfolk gjer. Utsjånaden blir den historia ein skal forsøkje å fortelje til andre, narrativet folk skal tru på.

Slik er det på Rikshospitalet også.

Dei ser på deg, vurderer kleda dine, sminka di og faktene dine, for å sjå om dei kan sjå ei kvinne inni der ein stad som berre blir kvelt av alt det maskuline skalet rundt.

Men korleis ser ei kvinne ut?

«Pasienten er nøytralt kledd,» står det gjerne, med lakkerte negler og lett makeup. Det følest som ein miks av legejournal og motepoliti-melding frå Jan Thomas.

Kampen mot testosteronet

Livet følest som ein evig krig mot kroppen sin eigen testosteronfabrikk. Alt handlar om å forsøkje å presse dei maskuline trekka bort og framheve dei feminine så godt at folk faktisk trur på deg.

For om ikkje folk trur deg, om folk ser deg og er i tvil om kjønnet ditt, det er då ukvemsorda kjem.

Eg går liksom alltid og ventar på neste gong kjønnsidentiteten min vil bli eit problem.

Det er då du blir pressa opp etter ein vegg på ein utestad av fulle menn som krev å få vete kva du har i trusa.

Det er då dei ser rart på deg på bussen, eller nektar deg å hente ut pakken din på posten fordi: «Eg ser at det står Karoline her, men du liknar ikkje på ei».

Les hele saken på ABCnyheter.

Kommentarer