Vil gi norske kjøttkaker og brunost eit særleg vern

FOTO: ESPEN ALNES/TINE MEDIABANK / NRK/TINE

Frå NRK.
Tipsa av Kyrkjehøgda. 

Kvardagsmat bør få same status som manchego og roquefort. Det meiner Stiftinga Norsk Mat som foreslår at norske kjøttkaker og brunost får beskytta nemning.

Champagne, gorgonzola og parmaskinke har eit særleg vern etter EU-lovgjeving. Du kan ikkje lage ei spekeskinke i Noreg, og kalle henne parmaskinke. Dei er knytt opp mot geografiske område.

– Dei gamle oppskriftene blir lefla med

Noreg har 32 mat- og drikkevarer som har beskytta nemning. Det er blant anna cider frå Hardanger, Lofotlam og festsodd frå Trøndelag. Men det er lite kvardagsmat på lista, seier administrerande direktør Nina Sundqvist i Norsk Mat, som administrerer ordninga.

– Vi opplever kanskje ikkje kvardagsmaten som høgkvalitetsprodukt. Men vi ser at dei gamle oppskriftene blir lefla med. Ein puttar kanskje andre og billegare ingrediensar i ei kjøttkake enn det som var opphavet.

Ho viser til at Sverige, som har langt færre beskytta nemningar enn Noreg, blant anna har gjeve hushållsosten og falukorven eit særleg vern.

Ikkje alt kan kallast norske kjøttkaker

Når nordmenn blir spurt om kva mat som er typisk norsk, svarer flest kjøttkaker. Det er difor naturleg at dette er eitt av matprodukta ein ser nærmare på, seier Sundqvist.

– For å kunne kalle eit produkt for kjøttkake, må ho ha bestemte ingrediensar. Ein kan ikkje putte kyllingkjøttdeig i farsen, det har vi ingen tradisjon for. Det er også ei grense for kor mykje svinekjøtt du kan ha i, elles blir det medisterkaker.

I tillegg står eplesider frå Sogn og fjellam frå Ryfylke på lista over produkt dei håper å kunne starte søkeprosess på i år. Ein slik godkjenningsprosess i Noreg tek som regel to til tre år.

– Det er raskt samanlikna med Frankrike som bruker opp mot sju-åtte år, seier Sundqvist.


Les heile saka hjå NRK.

Kommentarer