Den statsløna kultureliten luktar kristenmanns blod

Kulturredaktør, Jens Kihl.
Av Norvald Aasen. 
Foto fra Twitter

I BT, laurdag 11/12, 2022, serverar kulturredaktør, Jens Kihl, ei merkeleg julehelsing til avislesarane. Mykje er rørd saman, og han ser seg sjølv, og dei han er eindel av, som eit vinnarlag.

Og det skal kunne seiast at dei har vunne fram med det meste av det dei har gått til felts mot. Det skulle då berre mangle for dei er staten sine talerøyr og rikeleg løna for dei oppgåvene dei har teke på seg, og som dei gler seg med å utføre, nemleg å nedkjempe vår kristne kultur og det meste av det som vi reknar som norsk. Dei har vrengt på lippa i rein avsky mot alt som smakar av kristenmanns blod og vår norske slektsarv.

«Eg er ateist med heile meg. Eit religionsfritt samfunn er noko av det eg fryktar mest», skriv kulturredaktøren. Kulturstorheiten i BT kan vere trygg på at han ikkje vil oppleve eit religionsfritt samfunn. For når han saman med vinnarlaget sitt har kjempa i kne vår kristne kulturarv då står ein mektig religion på trappa, og den har dei fått leia godt inn i alle avkrokar i vårt samfunn. Og det er islam. Den religionen vil sikkert kultureliten saman med sine statlege million bevilgningar ha glede av i framtida. Kva det vil bety for oss vantru treng vi ikke lure på! 

Kihl siterar ein prest, Åste Dokka, som fortel at i mange bygder er det kanskje ein eller to som kjem til gudstenestene, i byar melder kanskje ingen seg til konfirmasjon og dåpstala skrumpar.

Ja, vel, Kihl, dette er jo eit bevis på at de har lukkast med nedbrytinga av kristendomen og kan glede dykk over det! Og kva skal så ateistane gjere vidare? Jau, bort med tvang og tru, dei er jo vinnarlaget, ifylgje redaktøren. Men kva med tvang og tru under den religionen som dette «vinnarlaget» har opna dørene og landet for? Det burde dei gjerne spørje IS om, dei vil truleg der få vite at vinnarlaget går ljose tider i møte. 

Kihl skriv at dei sjølve har bede kristenfolket om å vere rause. Dette er feil utrykk i denne samanhengen, for det rette ordet her er hets – reinspikka hets mot kristenfolket! Og no er det vinnarlaget som må vere rause, skriv redaktøren. Men det har de jo vore til dei grader, altså mot dei som de har arbeidd for skal overta etter vertsfolket som de har kjempa i kne. Med sekulariseringa har samfunnet vorte friare og enklare å leve i for mange, meinar redaktøren. Kvinner, skeive, og minoritetar som ikkje har levd opp til det kristne moralsynet har fått det betre.

Men korleis vil mange av desse gruppene han nevner få det under den religionen som han og vinnarlaget hans svermar for? Denne ideologien og religionen har svært strenge normer som samfunna deira skal leve etter. Korleis går det då med ateistane og deira vinnarlag? Dette vinnarlaget burde kanskje setje opp Omars Pakt som leveregel for det samfunnet dei ynskjer seg og ikkje minst slik dei ynskjer det skal verte for oss vantru.

No vil denne kulturredaktøren gje oss som ikkje deler ateisatane sine haldningar ei mjuk landing, kva no det skal bety. Når dei har fått alt som luktar kristenmanns blod, og vårt folkeferd, til kanten av stupet då er det nok likegyldig om vi hamnar i avgrunnen med mjuk eller hard landing. Meininga er nok at vi ikkje skal ut frå den avgrunnen likevel.

Når vi ser alle desse avis- og mediaredaksjonane landet rundt med eit hav av tilsette som fører same  einssretta bodskap og meiningar ut i samfunnet, vel løna av staten, så vil vi skjøne at dette er så enorme bataljonar som berre har til oppgåve å hjelpe statseliten med å forandre og forvandle vårt eingang så fredelege samfunn til det ugjenkjennelege. 

Eg tvilar på at det er klangen frå klokkene som kimar til julefest som får «vinnarlaget» til å vere «rause», men heller tanken på god mat og drikke samt nokre ekstra fridagar der dei kan tenke gjennom nye trekk i kampen mot den 1000 års gamle «plageånda» - kristendomen.

Norvald Aasen, indre Åsen, Brekka 115, 6983 Kvammen

Kommentarer