Til Trine Overå Hansen, Norge i Dag

Frå Norvald Aasen. 
Foto: Norge i Dag. 

Eg har i tidlege morgontimar lese i avisa di som eg abonnerar på.

Gav det du høyrde i ditt intervju med Jonathan Medved, i OurCrowd, ro i sjela di? Eg vil no heller seie til avisa di og dei du samarbeider med: Trekk i naudbremsa medan det endå er tid!

Her ser eg føre meg noko som gjeld pengespekulasjon og å komme inn i alt av bransjar på verdsbasis som kan yngle pengar. Til sist sit vi att utan eigne verdiar i det som eingong var vårt. Eit av prosjekta som dette selskapet no var inne i var havvind og så vil det gå slag i slag på alle områder i samfunnet der profitten kan hentast. Og havvind og landvind? Kvifor skal vi øyde norsk natur for noko som vi slett ikke har bruk for? Vi har nok elkraft gjennom vasskrafta og treng slett ikke denne naturraseringa som vindmøller fører til. Alt det vindkraft handlar om er kraftforsyning til andre land, og då fyrst og fremst EU. Desse landa må sjølv syte for at eigne kraftbehov vert stetta på eigen grunn. Og havvind prosjekta som elitane snakkar seg sveitte av, kva med fiskefelta som er eit av matkammera våre?

Og Medved lokkar med sine fløytetonar i intervjuet ved å hevde at Norge har stor påverkningskraft overalt i verda. Tøv! Det er oljepengane våre verda elskar, og dei der ute veit at når dei lograr for norske politikarar så regnar det oljepengar til alle mogelege og umogelege føremål - kloden rundt! Norske værhane- og værhønepolitikarar ler omverda av, dei ser kor opptekne "våre" politikarar er av skryt og tilgjort merksemd, og ytnyttar dette!

Oljealderen med flaumen av oljepengar har vore meir til skade enn til gagn for land og folk. Vi mistar sjølvråderetten då alt vårt skal ut til overnasjonale samanslutningar. Mykje av folket har i stor grad slutta å arbeide, vår kristne kulturarv og religion forvitrar til stor glede for det statsløna elitesamfunnet. Vår slektarv og vår nasjon saman med vår nasjonalstat skal vi gløyme og sjå gladeleg hamnar på skraphaugen. Erna Solberg, som NiD, likar å hylle, har sjølv uttala at alle frå heile verda har like stor rett til landet vårt som det vi har, og at nordmenn ikkje har noko spesielle rettar til vårt heimland sjølv om vi har gamle slektsrøter her. Godt at dei slepp å høyre slike utsegner og haldningar dei som gjennom generasjonane har slite seg helselause for å gi eit godt heimland til sine komande slekter.

Men i globalismens himmelrike er det ikkje plass for frie nasjonar med sine nasjonalstatar. Kva då med Babels Tårn, der folka vart spreidde rundt på kloden og forvirra tungemåla deira slik at dei skulle bygge sine eigne samfunn og i fred med omverda?

Eg har vore ven av jødane og Israel heile livet, så det er ikkje der min motstand mot OurCrowd sine elleville planar ligg. Men når det vert hevda i intevjuet at vi saman, Norge og OurCrowd, kan løyse verdsproblema då kjenner eg at vi som samfunn veks ut av eigen kropp. Vi gjer oss større enn kva det er grunn for. Vi skal i tillegg vere verda sitt sosialkontor, vi skal vere verda si lunge (ved m.a. granplanting). Vi skal vere verda sitt militærpoliti ved at vi skaffar stridande partar moderne våpen, og då sjølvsagt til den sida som vi likar best etter statleg propaganda påverknad, slik at menneske vi har vorte bedne om å hate kan drepast i tusental, og byar til slike som vi er lærde å ikkje like kan leggast i ruinar. Fyrst då kan vi pryde oss med glorie og merkelappen som "humanitær" og "fredeleg" militær stormakt. Desse våre store "bragder" starta med bomberegn over Serbia i 1999. Derfrå gjekk ferda gjennom mange krigssoner vidare til Afghanistan, og då krigseventyret vart avslutta der med buklanding så var det "heldigvis" ei konflikt i eigen verdsdel som kunne gje vårt arme land nye stjerner. Den store statsmann, med både hemmeleg namn i KGB sine gamle arkiv, og som har gått gradene deretter i det norske statsapparatet, og i tillegg har den rette fargen på partiboka, gjev oss si nyttårshelsing om at "Våpen gjev fred". Men på slagmarkene rundt i verda er det vel ikkje berre fred våpena gjev, dei gjev også død og fordervelse for millionar! Dette medan dei ansvarlege aktørane stig i gradene.

For ei verd!

Norvald Aasen, Brekka 115, 6983 Kvammen

Kommentarer