Hovmod står for fall

Av Ludvig Hope

Audmjuk dykk så under Guds mektige hand, så han kan opphøgja dykk i si tid! 1 Pet 5,6

Grunnskaden i menneskelivet, rota til all synd, er hovmodet. Det audmjuke sinnet tek krafta or synderota fordi det opnar vegen for Guds nåde heilt inn til den djupaste livsgrunnen i oss. Den kristne som misser det audmjuke sinnelaget, han misser òg Guds kraft. Berre den audmjuke blir sterk gjennom nåden i Kristus.

Kva skal me då gjera så denne himmelske blomen kan trivast i vårt liv?

Eg trur det vil lukkast for oss når me ærleg stig fram for Gud med denne bønna: Syn meg, Herre, det i meg og ved meg som ligg i vegen for det audmjuke sinnet. Og når du har synt meg det, gi meg då òg kraft til å vedgå for meg sjølv og for deg at dette er mi synd. - Dette er sikkert den rette vegen. Men her er det òg hovmodet ligg og stengjer. Den som vinn siger her, han er på rett veg.

Løyndomen i sigeren ligg ikkje først og fremst i å vinna over det vonde, men i å utlevera sjølve synda til Gud. Den som gjer det, han har bøygt seg for Gud og er kommen inn under nåden. Då er det den fagre himmelblomen veks fram i det daglege livet.

Måtte trongen etter denne fine kristen-dyden bli stor hjå oss!

«Stormod fører til undergang, hovmod står for fall. Det er betre å vera audmjuk med armingar enn å dela hærfang med dei stolte.» Ordt. 16, 18-19

Stig ned frå den sjølvgjorde hægda
og gråt for din frelsar i lægda!
Så skal du hans kjærleik kjenna,
for roser i dalane renna.

Kommentarer