Ei søyle i min Guds tempel

Av Ludvig Hope

«Den som sigrar, han vil eg gjera til ei søyle i min Guds tempel, og han skal aldri meir gå ut derifrå.» Op 3,12


Søyler er berande krefter. Dei held hus saman og gjer dei sterke. Dei blir òg brukte til å pryda byggverk med.

Jesus seier i ordet her at den som sigrar, vil han gjera til ei søyle i sin Guds tempel. Dette er sikkert ikkje berre ein lovnad om at den som sigrar, skal få ein ærefull plass i tempelet heime hjå Gud; alt i Guds tempel her på jorda skal den sigrande kristne få vera ei søyle. Guds folk er Guds tempel. «Veit de ikkje at de er Guds tempel, og at Guds Ande bur i dykk?» 1 Kor 3,16.

Og er det nokon stad at Guds tempel treng berande krefter, så er det her på jorda. Skal Guds byggverk blant oss stå og bli halde saman, må det bli bore av sigrande kristne.

Og Gud vere takk for at me har slike kristne enno iblant oss! Frå år til år, mange gonger eit heilt liv, ber og lyfter dei i bønn, i ansvar og arbeid, endå dei ofte får berre kritikk og vantakk til løn. Somme stader er det mange som ber saman, andre stader få, stundom berre ein.

La oss setja pris på søylene Gud gav oss og be om at Guds rike hjå oss alltid må eiga slike kristne! Då skal det lukkast òg for dei som kjem etter oss.

Og du som ber no, høyr det Gud seier til deg og gle deg over det som ventar deg heime hjå Gud!

La oss leva då og anda
for Guds ære all vår dag,
i hans gjerning stendig standa
til vårt siste andedrag!

Og når mørket på vil falla,
og herfrå du vil oss kalla,
gi oss då i grav den ros:
Du i livet var vårt ljos.

Kommentarer