Jesus sa til dei: «Kom og få mat!»

Av Ludvig Hope

Jesus sa til dei: «De har vel ikkje noko fisk, born?» «Nei», svara dei.... Jesus sa til dei: «Kom og få mat!» Joh. 21,5 og 12.

For ei forunderleg omsut Jesus har for sine! Han møter Maria attmed grava og tørkar tårene hennar. Han sender ei spesiell helsing til Peter som nekta at han kjende Jesus. Han går kilometer etter kilometer med dei som har gløymt Guds ord, og legg ut skrifta for dei. Han står midt i salen, der dei har låst seg inne i sorg og redsle, og lyser freden sin over dei. Han går til stranda før sola går opp, plukkar i hop kvist, kveikjer opp eld og lagar mat til sine. Han ropar til dei frå stranda og ber dei komma til han til frukost. Er det ikkje eit underleg syn å sjå den oppreiste og herleggjorde Frelsaren stella med slikt? Kan du sjå dette utan å kjenna deg glad og takksam?

Eg er sikker på at desse orda når fram til mange som veit kva det er å komma inn både i timeleg og åndeleg mørke. Før var det så ljost og godt, no tykkjest alt vera forbi. Jesus har komme bort for deg, og du har mist både tru og fred. Det jordiske arbeidet ditt vil heller ikkje lukkast. Alle utvegar er stengde.

Du som trur at alt håp er ute: Sjå korleis han stelte med sine i farne dagar! Han gjer det same no òg. Frelsaren vår kan ikkje hjelpa dei som hjelper seg sjølv. Han kan heller ikkje gi noko til dei som er mette. Men dei ringe fyller han opp med gode gåver, og han hjelper dei hjelpelause.

La oss djupt i hjartans grunn
sælt di helsing kjenna,
og ved ordet av din munn
la vårt hjarta brenna,
tru det auga ikkje ser,
tru og aldri tvila,
til me eingong skoda fær
mildt di åsyn smila!

Kommentarer