Mange vil ta knekken på Israel

Av Hallgrim Berg:

Israel og jødefolket er framleis gode å ha. Ikkje berre fordi dei presterer banebrytande resultat innan forsking, innovasjon, datateknologi, helse og miljø – til glede for oss alle – men òg for dei mange despotane i Midtausten som treng ein syndebukk å skulde på for alt det dei ikkje sjølve greier å oppnå.

Det er det same kva Israel og jødane gjer og ikkje gjer: Kritikken haglar konstant.

Kva har desse grupperingane til felles?

1) Totalitære antisemittar; fascistar og nazistar på ytre høgre fløy og sosialistar og kommunistar på ytre venstre fløy.

2) Islamistar/jihadistar; ser seg sjølve og sin religion i overhøgd til andre folkeslag, vil utrydde jødar/sionistar der dei kan, og er ansvarlege for verdsomfattande vald, terror og drap i mengder som ingen annan kraft i vårt hundreår.

3) Anti-imperialistar; studentar og akademikarar som enno lever i ein drøymande opprørstradisjon etter den revolusjonære 68-generasjonen.

4) Anti-kapitalistar; med innebygt uvilje mot system, statar, samfunn og personar som gjer det betre økonomisk enn eigne ideologiske førebilete.

5) Journalist- og redaksjonsmiljø; som i radio, fjernsyn og presse formidlar verdisyn og politikk langt til venstre for det folket dei skal spegla.

Felles? Desse fem maktgruppene gjev alle til kjenne ymse grader av uvilje og hat mot Israel, jødane og jødestaten, den judeo-kristne kulturarven, kapitalismen og USA.

Direkte frå Hamas service-kontor
I den pågåande krigen i Gaza har me til fulle fått demonstrert kva mediemakt er. Israel fekk brei sympati etter at Hamas og andre islamistar gjekk til militært åtak 7. oktober i fjor, der 1100 uskuldige menneske vart massakrerte, fleire tusentals skadde og 245 tilfeldige kapra som gislar til utpressingsformål. Etter at Israel ville forsvara landet og innbyggjarane sine, og lyste krig og kamp mot styrkane i Hamas, snudde stemninga radikalt i mange land. På ei veke vart medkjensle snudd til fordøming.

Gaza-krigen illustrerer til fulle korleis folkeopinionen i opne demokrati lett blir forma og knadd av media.

Kva NRK og TV 2, Klassekampen og VG, har gjeve av dekning frå striden, anten eigenprodusert eller servert frå NTB, eller gratisreportasjar med foto, film og klipp direkte frå Hamas sitt servicekontor, er eit studium verdt. Det samla inntrykket frå dei daglege dagsrevyar, med skakande scener og kjensleladde kommentarar – i repetisjon morgon, middag og kveld – hadde vore meir tillitvekkjande, dersom det hadde vore nokolunde balanse i stoffet.

Men nei, dagen tek til med: «I dag er det drept xxx på Gaza-stripen, melder de palestinske helsemyndighetene, og av disse er xxx barn og kvinner.» Israel høyrest ut å ha som mål og glede å ville bombe sjukehus, skular og barnehagar. Snautt ei nyheitssending utan nærbilete av likposar og lidande ungar.

Aldri eit spørsmål om kor mange av «barna» som er 16-17-åringar, trena og fullt utstyrte som kampsoldatar. Heller ingen opplysningar til oss mediekonsumentar om at det historiske forholdet mellom døde i krigar (stridande vs. sivile) historisk har ofte vore om lag 1:10. I krigen på Gaza er talet 1:2.

Heller ikkje eit ord til publikum om kor mange rakettar Hamas har fyra av mot sivile i Israel siste døgnet, eller totalt sidan 2006. Lite opplysning om gislane, traumane, lagnaden og familiane. Inga interesse for lidingar og sekssifra evakueringar i eit demokratisk land som forsvarar seg og står åleine mot reaksjonære regime og militante krefter som vil ha jødane utrydda.

Eit lite lyspunkt
Etter den daglege svartmålinga i NRK fekk me ein kveld høyre: «… men et lite lyspunkt kunne vi notere i dag, da to gissel ble frigitt». Punktum. Det høyrdest ut som Hamas-sjefane var komne i godlag og hadde sleppt laus eit par fangar i rein velvilje! Men ikkje eit ord om at frigjevinga var resultat av ein dristig israelsk redningsaksjon, der opptil fleire menneskeliv hadde gått tapt i dei intense kampane, då ei gruppe frå IDF hadde kjempa seg gjennom kuleregnet, inn og ut for å få frigjort dei to argentinske karane det var tale om.

Like ille var dekninga «fra et sykehus som Israel nettopp har bombet, og der over 500, kanskje opp mot 800, er drept.» Men det viste seg snart å vera ein rakett som var sendt i veg frå Gaza og hadde landa på ein parkeringsplass like ved. Talet på drepne var ikkje fem hundre, men om lag ein tidel. Like fullt har NTB og fleire aviser frå dag til dag festa lit til tala frå Hamas, sjølv om dei veit at for islamistar er det er inga synd å lyge, så lenge det tener Allahs sak.

I krigssituasjonar skal ein etter mitt syn vera kritisk til begge partar. NRK, TV2 og fleire presseorgan har grovt forsømt den eine sida. Det er dårleg presse-etikk.

Dei aller fleste norske media har hittil ikkje stilt nemnande prinsipielle og kritiske spørsmål til Hamas, Islamsk Jihad eller rolla til Den muslimske brorskapen. Og sjølve islam og islamismen – den bakanforliggjande dynamoen for aggresjon og valdsbruk i heile Midtausten – er det få eller ingen som vågar å omtala.

Det triste er at Noreg, som var Israels beste ven, no er blitt det mest Israel-kritiske landet i den vestlege verda. Noreg skil seg ut. Harald Stanghelle skriv om dette i Aftenposten 22. februar.

Einar Gerhardsen er gløymd
Utanriksminister Barth Eide fører ordet i den retoriske fronten mot Israel, jamvel med tidvis bruk av udiplomatiske uttrykk. Samtidig drysjer han hundretals millionar over UNRWA, trass i pågåande gransking om at tilsette i denne FN-organisasjonen medverka til terroren 7. oktober.

Det er tragisk at regjeringa må tilfredsstille aktivistar og parti på ytre venstre fløy. Ap. og Sp. er no er blitt avhengige av dei. Vinterens mange utspel om Midtausten er såleis fleire hakk meir venstrevridd enn dei sosialdemokratiske haldningane Jonas Gahr Støre presenterte i den gode boka «Å gjøre en forskjell». Einar Gerhardsen er gløymt.

Israel har endra seg frå den tida landet stod for ein tredje veg til sosialismen og kibbutz-romantikken blømde blant radikal ungdom. På 1990-talet kom det ein million inn-vandrarar frå Russland og Aust-Europa, som alle hadde fått nok av kommunisme og sosialisme. Verknaden vart ein langvarig nasjonalistisk høgresving i israelsk politikk.

Med hjernekraft, nyvinningar og framsteg – ikkje minst innan den mest avanserte data- og forsvarsteknologien – kjenner fleirtalet i Israel seg sterkare og meir framtids-optimistiske enn nokon gong. Folk demonstrerer og folkevalde kranglar høglydt, men samlar seg, då dei ikkje likar å bli overstyrte utanfrå, og slett ikkje bli «dytta på plass» i eit geopolitisk spel. Difor blir det spanande å sjå korleis det går med ei «tostatsløysing» som ingen av partane vil ha.

Vil ha heile Israel – minus jødane
Mange kommentatorar her heime trur at eit fleirtal av dei palestinske arabarane ønskjer ein palestinsk stat. Han kunne ha blitt gjennomført 1948-67 då Judea og Samaria («Vestbreidda») var ulovleg okkupert av Jordan. Ingen prata den gongen om ein palestinsk stat. Men det var før Arafat.

Alle dei fem tilboda frå Israel om ein eigen stat vart forkasta. Kvifor? Arabarane vil ha alt! Og det området dei skal råde over, skal vera fritt for jødar! Me kjenner slagordet frå Hitler sine dagar: «Judenrein muss sein!»

Slike motbydelege haldningar fortener eitt ord: rasisme.

Hatet mot jødane renn djupt, blir etablert med morsmjølka, prenta inn med teikneseriar og dokketeater, og med einsretting i media, opp til høgskular og universitet.

Israel blir hata for kva det er – ein grensepost for det vantrue Vesten. Som eit talerøyr for demokrati og modernisme, er landet ein bremse-kloss mot islamiseringa.

Dei reaksjonære leiarane i Midtausten hentar ikkje makta si frå olje åleine, men stør seg på klanane og religionen. Difor er det enno langt fram til ytringsfridom og frie media.

Grunnleggjande kontrollspørsmål
Skal ein ta standpunkt i ein vanskeleg internasjonal konflikt, er det lettare når ein har fått svar på nokre av dei grunnleggjande kontrollspørsmåla. Til dømes:

Kva slags menneske- og samfunnssyn står partane for? Går dei inn for demokrati eller autoritært klanvelde og diktatur? Vil partane ha eit samfunn med mangfald av religionar og livssyn? Ytringsfridom eller sensur? Er demokratiske val innførte eller avskaffa? Eit humant rettsapparat? Skal kvinnene gjevast rom eller haldast i lydnad og underkasting? Minoritetane? Osv.

Islamo-fascismen er rasistisk og tyrannisk. Palestina-aksjonistane burde snart ta til å stille openberre spørsmål til åndsfrendane i Hamas.

Kommentarer