Norge i Dag hyller Kjell Magne Bondevik

Til redaksjonen i Norge i Dag med fleire.

Då eg ikkje trur at mitt brev vil verte trykka i NiD, vil eg sjølv spreie det, også til Kjell M. Bondevik.

Frå reportasje i avisa Norge i Dag, 26. 07, 2024: Kjell M. Bondevik: "Den europeiske kulturarven har kommet i spill".

Gløym no ikkje det Bondevik at vår norske kulturarv og fedrearv også har kome i spel, og du er ein av dei som har drege i gang dette ødeleggande spelet mot folk og land! Den massive framandinnvandringa er grunnlaget for denne øydinga av vår kulturarv. For å få dette spelet til å lukkast har den vestlege og norske menneskeætta vorte inndelt i to grupper, dei sjølvlysande "gode" mot dei skrekkeleg "vonde". Bondevik har stått fram som ein av desse "gode", medan eg som har åtvara mot den nasjonale øydelegginga har tilhøyrd dei foraktelege "vonde".

Det er med lite glede, og det byd meg imot, å finne tidligare statsminister Kjell M. Bondevik med to siders rosande omtale i den avisa eg er med å betalar på. For meg så er denne Bondevik å finne i rekka av dei verste statsministerane som Noreg har hatt etter at Willock overlet stafettpinnen til fru Harlem Brundtland i 1986. At det var 150 menneske som ville inn i bedehuset for å høyre denne mannen tale så tyder dette vel på at minne hos det norske folk er svært skralt. Men kven ville vel ikkje høyre denne mannen fortelje om si politiske "lysande" karriere? Han kan no feire 25 års jubeleum for krigen han var med på mot det kristne serbiske folket, og som dermed lausreiv Kosovo-provinsen frå Serbia. Skadeleg restammunisjon ligg framleis spreidd over det serbiske land med påfylgjande helsekadar for folk og dyr. Eg minnest han som statsminister stod fram på nyheitssendingane og rosa dei vellukka operasjonane som NATO utførde, dette medan himmelen på TV-skjermen bak Bondevik lyste raud av brannar og eksplosjonar over Beograd. Til Aftenposten 2. Jan. 2000, etter krigen mot Serbia, uttala han at "Norge må være en fredsnasjon". Javisst, og dermed sende han jagarfly til Afghanistan til ny krig frå "fredsnasjonen" som han "rådde over! 

Men som "statsmann" og visstnok kristen var han ikkje snauare enn at han førde "fredsnasjonen" Noreg inn i denne nye krigen, i det fjerne Afghanistan. Bilde av Bondevik der han står på Ørlandet flystasjon og vinkar farvel til jagarflya som letta med kurs for det fjerne fjellandet er enno å finne i mange arkiv. Ikke så rart at denne mannen føler at "tilværelsen er deilig", slik han sjølv fortel til avisa.

"Den norske, og såvel europeiske kulturarven, stammer fra Athen, Jerusalem og Roma". Platon og Aristoteles påvirker oss, seier han. "De var opptatt av å se etter folkets felles beste". Du verden, var Bondevik sjølv oppteken av dette? Ser han tilbake på framandgjeringa av Noregs egne to urfolk, nordmenn og samer, som han har vore med på å gjennomføre, som våre folks felles beste? Landet vårt er framandgjort og vert stadig tydeligare og meir islamisert, kriminaliteten går over alle grenser med knivbruk, brannstifting, ran, voldtekter i ein skala som vi aldri har sett maken til. Ganske rimeleg at dette gjev ein "deilig tilværelse" for dei som sit med ansvar for ei slik utvikling av landet.

Då det vart bede om å få folkerøysting over asyl-og innvandringspolitikken som politikarane, også Bondevik, hadde pressa på folket, var Bondevik sitt svar, at det var for mykje grumsete haldningar ute i folket. Vi kunne altså ikkje vere med på å avgjere vår eiga framtid som nasjon. Men han ville gjerne ha røystene frå desse med slike "grumset" haldningar. Dermed kunne han styre vidare og ta sin del av "æra" for at nasjonen Noreg vart havarert. No er det mykje som tyder på at nordmenn vert ein minoritet i vårt gamle kjære fedreland om ikkje mange tiår. Dette grunna masseinnvandringa av menneske med bakgrunn i religion, kulturar og levemønster som ikkje har noko med vår norske kulturarv å gjere. Slik sett er det provoserande at dei som har stått føre denne omveltinga har ein "deilig tilværelse". Kva rolle Bondevik sitt "fredscenter" spelar i verda er for underteikna uvisst og uinteressant, men pengane strømer vel inn., og det er kanskje det viktigaste?

I avisa med det, etter mitt syn, misvisande namnet, Vårt Land, den 10. nov. 2001, kan vi lese om statsminister Bondevik som talte til mennene i ein Oslo moske. Her seier han: "Som kristne og som muslimer kan vi be til Gud om fred, og stå sammen om viktige felles verdier". No trur ikke eg at han får muslimane i sine moskeer til å be til den kristne Gud, kor vidt Bondevik sjølv er sterk i si kristne tru veit eg ikkje, men kanskje det er like naturleg for han å be til muslimane sin gud, Allah? Det skal visst vere "fredens religion"? Så at han sjølv og muslimane har felles verdiar, trur eg gjerne.

Ja, Bondevik, når du no ser at det spelet mot vår kulturarv, og Vestens kulturarv, riv våre samfunn og land i filler veit vi at du er ein av dei som har ivra for å få dette spelet fullførd! Og Krf spelar vidare same spelet saman med dei andre partia. Din partifelle, Trude Brosvik, frå Vestland, uttala føre valet i 2011 at ho ville satse på innvandring og då ville det vere ein styrke med moske. Olaug Bollestad (Krf) sutra gråtande på eit landsmøte om å få IS-born til Noreg: "Det er våre bodn". Nei, Bondevik, du og Krf gjev lite framtids håp for mitt folk og land.

Norvald Aasen, 6983 Kvammen
Sogn og Fjordane

Kommentarer