Pasienter fra Gaza til Norge

udi@udi.no
postmottak@hod.dep.no
postmottak@smk.dep.no
postmottak@jd.dep.no
post@mfa.no
postmottak@fd.dep.no
post@slottet.no
sp.postmottak@stortinget.no


Bekymringsmelding til statsminister Jonas Gahr Støre, AP, UDI, JD, Slottet med fleire..

Eg les i media at du, Støre, og regjeringa skal hente pasientar frå Gaza til behandling på sjukehus i Noreg. Dette vil truleg føre til varig opphald for dei her. Tidlegare har du henta opp såkalla "nordmenn" frå Gaza, "nordmenn" som du visstnok måtte ha tolk for å ønskje velkomne hit.

Eg har ei rekke spørsmål til deg i denne samanhengen: Er det ukjent for deg at Midt-Austen og Gulfstatane er søkkrike på oljepengar, areal til å motta sine trusbrødre og -systre, i tillegg til at dei der ville kome til land med same folkeslag, religion, kultur og språk? Og er det ukjent for deg at desse statane har eit vel utbygd helsevesen og moderne sjukehusvesen? Slik det også var i Libya, der du og Jens Stoltenberg smadra deler av landet ved bombing. Dette var visstnok, ifylgje Stoltenberg, god trening for det norske luftforsvaret. Tenk dette: Bomberegn mot eit framandt land for å trene det norske luftforsvaret, og Jens ville gjerne gjort det igjen. Dette var altså det Noregs noverande statsminister og den noverande NATO sjefen har, eller burde ha, på samvitet.

Og er du kjend med at mange sjukehus strir med underbemanning og at nokre avdelingar vert stengde grunna manglande helsepersonell? Er dette ukjent for deg som sjølv har vore helseminister, og i den jobben skulle du snu alle steinar for å finne ut kva som var galt? Om du fant noko under dei steinane som du skulle snu, det fekk vil aldri vite. Og desse sjukehusa som slit med personellmangel skal du altså belaste med meir framande pasientar, med både språklege og kulturelle/religiøse utfordringar for overarbeidd helsepersonell, noko ein ville  unngått i arabiske land.

Det er verkeleg så ille i Noreg at minstepensjonistar, utan helseforsikring, lyt sjølv ta kostnadar med operasjonar ved sjukehus. Og dette er ikkje folk som kan hente fram utbytte på millionar slik du sjølv gjer. I tillegg vil eg tru at du også får gratis tenester i det norske helsevesenet. Og du snakka om at "nå er det vanlige folks tur", då du tiltredde som statsminister. Ja, vi vanlege folk har verkeleg fått føle at det er vår "tur", eller utur! 

Du, som Erna, Jagland, fru Harlem Brundtland, Bondevik, Stoltenberg har vore mest opptekne av å vere tenarar for eliten i EU, der de kan bukke og skrape for den makteliten som får fritt leide til å reinske våre nasjonale, og folket sine verdiar, inn i fanget på EU pampane.

At du, regjeringa og stortinget, utset Noreg for å verte ei framtidig slagmark, ved at de deltek i NATO sin krig mot Russland gjennom Ukraina, viser at de ikkje arbeider til beste for vårt folk og land. Eg vil minne deg om at Russland, Sovjet, aldri har gått til åtak på Noreg, men dei fordreiv Hitlers soldatar frå Finnmark i 1945. Så kan ein spørje: Er det denne operasjonen frå den Raude Arme som får nokon til å ville hevne seg på det russiske folk i våre dagar? Dette, kan vere utfrå det at vårt land no er alliert med Tyskland, men som dengang gjekk til åtak på både Noreg, Russland (Sovjet) og resten av Europa. Hitler skulle skape eit Europa under Tyskland, er det liknande tankegang som ligg bak EU? Aksemaktene, Tyskland, Italia og Japan ville erobre verda i sin imperialistiske plan. Er det same tankegangen som ligg bak dagens globalisme? Eg trur det?       

Om vi hadde ei fri presse, og resten av media i Noreg var fri og uavhengig, så ville folket mest truleg vise sine protestar ved val. Men vi har i dag ei media som kan, vil og lyt takke politikarane for pressestøtte og velvilje, som t.d. 6 milliardar kroner til NRK som forsyner folk med det som styresmaktene vil at folket skal få vite. Fru Harlem Brundtland har jo også uttala at ho frykta at styresmaktene kan miste kontrollen over kva folket vert fortalt. Dette er ei så uhyrleg utsegn og tankegang at det kvalifiserar til stempel: Diktatur!  Så neste gang du, Støre, reiser rundt i verda og fortel at Noreg er eit demokrati, så bør du vite at du ikkje snakkar sant, då heller.

For ikke å ta frå deg arbeidsro ved å lese eit langt brev frå meg, så kan eg avslutte ved å minne deg om at det no skal opprettast fleire asylmottaksplassar i landet her nord. UDI, ein av styresmaktene sine trugne tjenarar skal stå for opprettinga, mest i Rogaland og Vestland, vert vi fortalde.

Du veit vel kva ein slik politikk inneber? Med ei abortlov som no skal gjere det mogeleg å ta livet av born heilt opp til halve tida til fødselen, (også her opererar, fru Harlem Brundtland med støtte), og styresmaktene sin stadig innførsel av framandetniske borgarar, så vil resultatet vere ei folkeutskiftning. Nordmenn som nasjon skal bort og vårt norske heilmland leggast under framand hæl og sverd. Alt dette for å sikre vår tids forferdelige politiske og økonomiske elite høgstatus, heider og ære i det store utland.

Minner om Thomas Hylland Eriksen (professor) som har som si livsoppgåve å "dekonstruere majoriteten" og gjere det så grundig at den aldri meir kan kallast ein majoritet, sagt av Hylland Eriksen i intervju. Og Kristin Clemet som meinte at om hundre år ville alt vere gløymt, vi ville alle berre vorte mørkare i huda.

Jau, elitane samarbeider, høgt og lågt, husmannsstova er berre ein mellomstasjon på vegen mot stupet: Utfor stupet med nasjon og nasjonalstat? Då får vel du, Støre, ditt store "VI"?

Norvald Aasen, 6983 Kvammen
Sogn og Fjordane

Kommentarer