De er Guds tempel

Av Ludvig Hope

«Men Kristus var trufast som son, sett til å styra huset. Og hans hus er me, så sant me heilt til det siste held fast på frimodet og det håpet me rosar oss av.» Hebr 3,6

Her i dette ordet er mellom anna sagt oss to ting som me vil prøva å minnast.

Det eine er at alle frelste menneske er Guds hus. Gud bur i folket sitt. Slik som han bur i himmelen sin og i ordet sitt, slik bur han òg i ein frelst syndar. «Veit de ikkje at de er Guds tempel, og at Guds Ande bur i dykk?» 
1 Kor 3,16. Han som bur i eit ljos ingen kan komma til og som eig alle himlar, han bur hjå dei som trur på Jesu namn.

«Å, hvilken ære, for tanken altfor stor!» –

La oss tru dette og takka Gud for så stor ei ære!

Men så må me òg komma i hug at her stod: «Så sant me heilt til det siste held fast på frimodet og håpet me rosar oss av.» Me ser av dette at det lèt seg gjera å komma bort frå Gud. Sluttar me å tru på Gud og ha tillit til han, er me ikkje lenger hans bustad. Går me bort frå han, må han òg gå bort frå oss. Dette burde dei ta til hjarta, dei som sveiper seg inn i den falske tanken at ein kristen aldri kan komma bort frå Gud. Å jau, me kan komma bort! Me kan komma bort i dag.

Mangen ligger evig fangen
som på veien var - -.


Den som er tru til døden, skal få livsens krone. Den som sigrar, skal arva alle ting.

Den som sigrar! Den som er tru!

Min Gud, la meg ei bli tilbake
når andre dei får komma inn!
Å, la meg då din nåde smake
og la meg evig vera din!
Eg gir meg, Herre, i di hand,
før heim ditt barn til livsens land!

Kommentarer