Den smale vegen

Av Ludvig Hope

Eg vil ta i veg og gå heim til far min og seia: «Far, eg har synda mot Himmelen og mot deg.» Luk 15,18

Mange av dei som gjekk bort frå Gud, ser at dei har gjort urett og lengtar sårt etter å komma heim att. Men det ser så rådlaust ut. Synda, djevelen og verda har bunde både sjel og kropp, og sinnet dreg meir og meir nedover.

Om desse orda skulle møta deg som sit i dette fangehuset, ville eg gjerne gi deg dette rådet: Gjer som den bortkomne sonen gjorde! Han vedgjekk for seg sjølv at han hadde synda, og han sette seg føre å gå heim att til far sin og sanna synda si. Og dette er vegen heim att til Gud den dag i dag. Den som går til Frelsaren med eit ærleg sinn og tilstår brota sine, blir berga, kor stor syndar han enn måtte vera. Men den som ikkje gjer det, kan aldri bli frelst.

Kom heim, kom heim, kom din frelsar i famn!
Å, han ventar så sårt og deg kallar ved namn!


«Den som kjem til meg, skal eg så visst ikkje visa bort,» seier Jesus. Joh 6,37b.

Også for oss kristne er dette den smale vegen. Å sjå seg sjølv som ein syndar og sanna synda for Gud, det er å døy kvar dag. Me prøver så ofte å skjula for oss sjølv og for han det me i grunnen er, og så kjem me bort frå nåden. Å sanna synda si og ikkje gå bort frå nåden, det er vegen for ein kristen heilt fram til livskvelden.

Og sjå, han lengtar hjarteleg
deg til sin barm å take!
Han møter deg så langt på veg
og fører deg tilbake.
Han kallar deg med barnenamn,
og i hans famn
du får hans sæle smake.

Kommentarer