Det er dårskap!

Av Ludvig Hope

Men Gud sa til han: «Du dåre! I denne natt krev dei livet ditt av deg! Kven skal då ha det du har samla?» Luk 12,20

Ordet om den rike bonden er ikkje sett inn i Bibelen til ros over armod og dovenskap, og det skal heller ikkje gjera oss likesæle for det me har fått å stella med her i verda. Samfunnet og folkelukka ville ha stått høgare hjå oss om me hadde vore mindre snille med dovenskapen. Det er ukristeleg å tru at arbeidet er noko vondt som ein lyt dra på. Kristus har sjølv vore arbeidsmann.

Kva gale gjorde då den rike bonden?

Jau, han hadde ikkje noko anna å leva og døy på enn hus fulle av mat. Å eta og drikka var den einaste rikdommen og gleda han åtte. Det seier Jesus er dårskap.

I denne same dårskapen lever og døyr folk flest den dag i dag. Den rikdommen og lukka dei har, rekk ikkje lenger enn til forretning, bankbok, mat og moro. Utanom dette eig dei ingenting. Når den første skuggen av grava sig inn over livet, er alt evig armod. Tenk å vera menneske og ikkje ha noko anna å leva og døy på enn dette! Det er dårskap!

Men han som vart fattig for vår skuld og som er arving til all rikdommen i himmelen, han kan gjera oss evig rike. Måtte me alle vera så vise at me søkte Guds rike først! Faren for å bli glad i denne verda og gløyma rikdommen i Gud, lurer på alle, òg på dei kristne. Ver ikkje hovmodig, men ottast!

Ein gong min livstråd bresta skal,
mi songrøyst tagna på hans bud.
Men så ein dag hans røyst og kall
meg vekkjer opp til liv hjå Gud.

Kommentarer