Heilhjarta teneste

Av Aud Hole Asmundsson

«I alt han tok seg føre... la han vinn på å tene sin Gud av heile sitt hjarta, og det lukkast for han,» 2. Krønikebok 31,21.

Vi har vel alle eit ynskje om at det vi tek oss føre i livet, skal lukkast. Men så har eg opplevd, og det har sikkert du også, at stundom mislukkast eit og anna. Det verste då, er at vi sjølve føler oss mislukka.

Bibelverset vårt i dag gir oss hemmeligheten til at alt lukkast for kong Hiskia. Han var heilhjarta i sitt gudsliv. Skal tru om det er stundom det som vantar med oss? Kanskje vår egen menneskelige innsats kjem i forgrunnen litt for ofte i vår tjeneste for Gud? Eller kanskje ikkje heile hjarta er med på det vi gjer?

La oss ransake oss sjølve i dag, eller la oss heller be Jesus ransake oss med si Heilage Ande.

Men vi må også hugse på at Jesus ikkje alltid har same målestokken som oss når det gjeld å lukkast. Han ser inn i framtida, og det gjer vi vanlegvis ikkje. Derfor kan det som for oss ser resultatlaust ut, ha lukkast vel i hans auge. Men eg trur ikkje det er rett å ta det som ein sjølvfylgje. Ser vi ingen framgang i arbeidet vi prøver å gjere for Gud, så la oss først og fremst sette ljoset inn over oss sjølve. Lever vi i eit så nært forhold til Jesus at vi er mottakelige for instrukser frå han? Kan vi forbedre personleg kontakt med ei vi arbeider iblant? Er det noko vi kan rette på i samband med arbeidsmetodane? La oss vere så audmjuke at Jesus med sitt Ord og sin Ande kan få rettleie oss, og gjere oss villige til å forandre på ting som vi ser er galne.

Kong Hiskia la vinn på å tene «sin Gud». Det kjem sjølvsagt som nummer eitt at vi har eit personleg forhold til Jesus. Har du ikkje det, så er det først best å få det i orden.

La oss saman be Jesus om hjelp til å legge vinn på å tene han av heile vårt hjarta.

Kommentarer