Å ferdast i tru

Av Ludvig Hope

«Eg trur, Herre,» sa mannen og kasta seg ned for han. Joh 9,38

Her i verda må ein kristen ferdast i tru. Også etter at me har møtt Kristus som frelsaren vår, må me vera truande. Å byggja på det me har opplevt som kristne i staden for å tru, fører oss bort frå Kristus. «Og han elskar de, endå de ikkje har sett han; han trur de på, endå de no ikkje ser han,» seier Peter (i 1 Pet 1,8). Sjølv Paulus som hadde vore i himmelen og sett useielege ting, måtte òg etterpå vera ein truande mann. På kanten av grava si jublar han over at han ikkje har mist trua si.

Men den kristne trua er ikkje lik ein mann som leitar utan å finna. Den som går på Guds ord er ikkje berre ein truande, men han opplever òg det Gud har lova. Kristus seier ikkje berre kva me skal tru og vera, han gir oss det.

Hva du så tungt har pløyet,
er meg en evig høst.


La oss då saman med den blindfødde kasta oss på kne for Kristus og meir enn før tru han på ordet. Han som så mange, mange gonger har hjelpt oss, stundom når me minst venta det, han er verd tiltrua vår i dag òg. Kanskje du har ei vanskeleg oppgåve framføre deg nettopp no? Kom då i hug at den som set si lit til Herren, skal aldri bli til skamme.

Har du prøvet å tro på din frelser
når ditt hjerte var tynget og trett?
Har du kjent at ved troen på Jesus
vil ditt liv og din vandring bli lett?

Kommentarer