Meir tru på Jesus

Av Ludvig Hope

«Herre, hadde du vore her, så hadde ikkje bror min døytt. Men eg veit kor som er, at alt det du ber om, det vil han gi deg.» Joh 11,21b–22

Den bønna, eller rettare: det bodet, Marta og Maria sende til Jesus, lèt oss sjå inn i eit djupt og sant vennskap. Når nauda stig innom døra hjå dei, tykkjer systrene det er nok berre å la han vita korleis det står til. Å be han om å komma eller seia kva han skal gjera, kom dei ikkje på. Det var ganske sjølvsagt for dei at han ville både komma og hjelpa.

Det er mykje som har hendt når samfunnet mellom oss og Jesus blir så djupt og tillitsfullt at me kan ta det slik Marta og Maria gjorde. Då slepp me å skrika høgt i nervøs uro og bruka mange og rørande ord. Sjølv i dei tyngste tidene, kan me då berre minna han om korleis det står til. Å skriva reglar for han eller føra fram spesielle ønske kan me la vera. Når han får vita korleis det står til, lyt han gjera som han sjølv vil. Det er tillit, det er tru, det er vennskap! Skrik og skrål og høgmælt bønn er så visst ikkje vitnemål om stor kjennskap, trufast vennskap og tillit til han som gjer alle ting vèl. Der kjærleiken og vennskapen er mest ekte, trengst ikkje sterke ord og krav.

Lat det vera at det hender oss det me minst ønskjer og at alt endar i ei grav. Han seier til deg og meg som til Marta: «Viss du trur, skal du få sjå Guds herlegdom!» (Joh 11,40b) La oss tru det. Då skal alt som hender oss bli til Guds ære og hjelpa både oss sjølve og andre til meir tru på Jesus.

Naud og lukke til vil falla;
Herrens hand skal fast oss halda.
Som ein venn han sine aktar,
han er deira skjold og vaktar.