Den som misser Kristus, misser alt

Av Ludvig Hope

Difor, heilage brør, de som har fått del i det himmelske kallet, sjå på den utsendingen og øvstepresten som me vedkjennest, Jesus. 
Hebr 3,1.

Heilage brør! Det er ei fin nemning på frelste syndarar, ei nemning som tykkjest passa dårleg på oss som er så lite heilage. Men han som frelste oss og kalla oss med eit heilagt kall, han har sjølv gitt oss nemninga. Måtte me vera glade for denne nemninga, halda henne i ære og ikkje gløyma delen vår. Det er rett av oss å vedgå at me er syndarar, men det er òg rett å komma i hug det Gud i nåde har gjort oss til.

Kva var det då han tenkte på, han som skreiv Hebrearbrevet, med desse orda: «Difor, heilage brør...?» Jau, dei jøde-kristne heldt på å komma bort frå Kristus og tilbake til hushaldet i den gamle pakta. «Skuggen av det sanne» blinda synet på dei så dei ikkje såg herlegdommen i Jesu Kristi åsyn, og så manar han dei, som mora barnet sitt, at dei ikkje må la seg dåra: Heilage brør, sjå på Jesus, og bli verande i den første fulle vissa heilt til enden!

Kor mykje det er som vil lokka òg oss bort frå Kristus! Mange som ein gong greip han i tru og bar gudslivet i hjarta sitt, har no ikkje anna enn skuggen av det sanne. Det har vorte kyrkje og prest, altar og preikestol, bedehus og kristeleg snakk i staden for herlegdommen i Jesu Kristi åsyn. Faren ligg oss alle så nær, så nær. Og han er grueleg stor. Den som misser Kristus, misser alt. «Alt hva ditt hjerte vil fra Kristus vende, skal overvinnes til din siste ende.»

Vil du dette dyre namn
trugen i ditt hjarta skriva,
skal du aldri unna driva;
det skal leia trygt din stamn.

Då du aldri leiing saknar,
og går mot deg storm og hav,
i det namnet stormen spaknar.
Frelst du blir frå djup og kav.

Kommentarer