Av Ludvig Hope
Og la fredens evangelium gjera dykk budde til å gå i strid. Ef 6,15
Den som vil stri den gode striden, må eiga fred med Gud i eit godt samvit. Først når Jesu Kristi fred rår i hjarta, kan han ferdast i fred. Det er den ånda som bur i evangeliet som legg ro i hjarta og som skil ein Jesu stridsmann frå alle andre stridsmenn.
Ein kristen skal vinna over det vonde med det gode. Guds folk skal aldri stri for striden si eiga skuld; den striden høyrer ikkje heime i Guds rike. Når far og mor tuktar barnet sitt meir i harme enn i kjærleik og når forkynnarane ber fram gudsordet kaldt og kvast, då er dei ikkje budde med fredsevangeliet.
Å vera sannings-sterk er ikkje alltid det same som å vera sannings-kjærleg. Sverdet som dei gamle krigarane brukte, måtte vera så mjukt at odd og handtak kunne møtast, men samtidig så sterkt at det svinga tilbake og var like rett som før så fort presset slutta. Evangeliet skal gi ein kristen eit slikt sverd, då strir han ikkje berre for evangeliet, men i evangeliet. Paulus gret med lekkje om foten og sverd i handa. Det var tårer frå ein stridsmann som elska fred.
Lukkeleg er den kristne som i all sin strid er budd med fredsevangeliet! Han vinn siger i all sin strid.
Gud, la oss prøve å gjøre alvor av
den strid å øve frimodig til vår grav!
Den lunkne vane kan ikke tåle støt.
Guds kjempers bane før oss med blodet fløt.
Opp, korsets fane! og vis oss Jesu død.

Kommentarer
Legg inn en kommentar