«Men for meg er det godt å vera nær Gud. Eg tek mi tilflukt til Herren. Eg vil vitna om alle dine gjerningar.» Salme 73,28
Det som særmerkjer eit verdsleg menneske, er redsla for å komma Gud nær. Alt som set ein ansikt til ansikt med Gud, skaper uro og tunge tankar. Skal eit verdsleg menneske kjenna seg fritt og lukkeleg, må Gud helst verka langt borte. Først når naud og store ulukker bankar på, ønskjer ein at Gud skal komma og hjelpa, men så må han òg gå sin veg når faren er over. – Det merkelege er at desse menneska lever i den trua at etter døden skal dei nok trivast i lag med Gud. På denne store løgna lever og døyr mange og går fortapt.
Men det som særmerkjer ein kristen, er ei sterk lengting etter å komma Gud meir og meir nær alt her. Eit Guds barn har aldri noka større glede enn når det gjennom Guds ord, i bønn, i samvær med kristne og kor det elles måtte vera, får kjenna at no er Gud nær. Då kan den djupaste sorga bli til glede og den tyngste børa til venger. Men ser Gud ut til å vera langt borte, blir ein kristen alltid uroleg og redd.
Dette er noko me får oppleva. Tenk at Gud har gjort det store underet at me syndige menneske blir lukkelegare til nærare me kjem den heilage Gud! Kor stor vil då ikkje lukka bli når me ser han slik han er!
«Men eg blir alltid verande hjå deg, du har gripe mi høgre hand. Du leier meg med ditt råd, og sidan tek du meg opp i herlegdom.» Salme 73,23–24.
Nærmere til deg, om veien må
gjennom nattens dype skygger gå!
Alt som skiller, ta det Herre kjær,
bare deg jeg kommer mere nær!
gjennom nattens dype skygger gå!
Alt som skiller, ta det Herre kjær,
bare deg jeg kommer mere nær!

Kommentarer
Legg inn en kommentar