Elles, brør: Alt som er sant, alt som er gjævt, alt som er rett, alt som er reint, alt som er verdt å elska og akta, all god gjerning og alt som rosverdig er, legg vinn på det! Fil 4,8
Ein kristen skal ikkje berre vera åndeleg, han skal òg gå omkring som eit godt menneske blant andre menneske.
Først og fremst skal me syta for at saka vår med Gud er i orden. Ingen ting, korkje vondt eller godt, må få føra oss bort frå dette. Men står me då på den faste grunnen, skal me derifrå vera med å hjelpa fram alt som kan skapa ei høgare folkelukke og betre livskår. Ikkje noko av det som høyrer menneskelivet til, bør vera uvedkommande for ein kristen. Den kristne som òg på denne måten er med og tener og hjelper så langt han kan, gjer Guds gjerning.
Der aldri nokon Guds ords forkynnar rakk fram, der fekk ein tenar, ein fiskar, ein bonde, ein snikkar eller ein sjukepleiar opna vegen til menneskehjarto for Guds nåde. Der ein kristen var med og letta livskåra for folk, der gjekk han i fotefara til han som døydde for syndene våre. Å vera med å hjelpa fram det som er gagnleg, rettferdig og reint, og å gjera det i Jesu Kristi ånd, det er den gudstjenesta som himmelen elskar mest.
«I Kristus Jesus kan eg prisa meg lukkeleg fordi eg har denne tenesta for Gud.» Rom 15,17.
Herre, ta du mine hender!
Lær dem lindre nød og savn!
Villsom sjel seg atter vender
derved glad mot nådens favn.
Mine føtter lett skal løpe
dine ærender på jord.
Hjelp meg at hvert trinn kan røpe
at du i mitt hjerte bor!
Lær dem lindre nød og savn!
Villsom sjel seg atter vender
derved glad mot nådens favn.
Mine føtter lett skal løpe
dine ærender på jord.
Hjelp meg at hvert trinn kan røpe
at du i mitt hjerte bor!

Kommentarer
Legg inn en kommentar