Det er godt for mannen å bera åk i sin ungdom. Klag 3, 27
Den ungdommen som driv dagane sine bort utan arbeid, slit og motgang, har så visst ikkje mykje å rosa seg av, om han så vassar i gull og gjer seg stor på det fedrane hans var. Den som ikkje skal turka bort i dei varme sommarvindane og skal stå seg i dei harde hauststormane, må slå djup rot i livsvåren.
Dei som fekk den æra å gjera storverk og makta det, vaks oftast opp i tronge kår eller bar i det minste eit «åk» av eit eller anna slag. Josef vart seld til træl og David tok til som gjetargut. Gideon si slekt var den ringaste i Manasse, og sjølv var han den yngste i slekta. Daniel vart førd til eit framandt land då han var ein ung gut. Då Jesus kåra dei mennene som skulle bera ordet om han ut over verda, gjekk han ikkje til dei rike og lærde, men til fattige fiskarar og bønder. Slik var det, slik er det og slik vil det komma til å bli til enden av tida vår.
Eg vil ropa til alle foreldre: Lær borna dykkar opp til å arbeida og vera fornøgde med lite! Og de unge: Gle dykk over å bera åk i ungdommen! Den som i tru og tillit slit seg igjennom eit vanskeleg ungdomsliv, kan Gud få gi ein sigerskrans, som han orkar å bera i eit takksamt og audmjukt liv.
Gå difor i dag òg til arbeidet ditt med glede og takk!
Er enn veien lang,
bakket, tung og trang,
hjelp, at vi i sorgens dager
aldri over byrden klager!
For på motgangs vei
kommer vi til deg!
bakket, tung og trang,
hjelp, at vi i sorgens dager
aldri over byrden klager!
For på motgangs vei
kommer vi til deg!

Kommentarer
Legg inn en kommentar