«Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gi dykk kvile!» Matt 11, 28
Slit og tunge bører, – det er lagnaden her i livet. Frå morgon til kveld må dei fleste bruka all si kraft til å halda livet oppe. Diktarar og folketalarar kan nok laga mange fine ord og vendingar om den signinga som ligg i arbeidet, og på ein måte har dei òg rett til det; i dei kåra me har no, er arbeidet ei velsigning. Men likevel ber det merke av dommen: «Med sveitte i ansiktet skal du eta ditt brød.» 1 Mos 3, 19a.
Men er det slike trøytte folk Jesus ropar inn til kvile hjå seg?
Det vågar eg ikkje seia; eg veit berre at òg den som er trøytt på lekamen kan finna kvile hjå han.
Men likevel er det slik at striden med oss sjølv blir den tyngste børa me ber. Spade og sleggje kan me leggja ifrå oss, men vonde tankar, eit sårt samvit og minne om urett ein har gjort, er det ikkje så lett å slengja ifrå seg. Når me trøytte av alt dette finn vegen til Kristus og ser vår fullkomne frelse i han, får me kvile for sjelene. Då blir kvar lovnad i Bibelen ein kvilestad, ei fredens hamn, ei hytte der me kan krypa inn på den vonde dagen.
Det er kvile i tru midt i striden. Men fordi det ikkje er den fullkomne kvila, ser me sukkande etter sabbatshelga hjå Gud. For dei fleste av oss, kanskje for alle, går vegen dit inn gjennom døden. Men over grava har Jesus skrive: «Sæle er dei døde som døyr i Herren heretter! Ja, seier Anden, dei skal få kvila frå strevet sitt, for gjerningane deira følgjer med dei.» Op 14, 13.
Kom hen til meg, du trette sjel,
jeg er den gode hyrde!
Så sant du vil ditt eget vel,
så kom med all din byrde!
Kom, legg den hos meg ned
og ta så i dens sted
mitt åk og visdom lær;
ti jeg saktmodig er
og ydmyk rett av hjerte.
jeg er den gode hyrde!
Så sant du vil ditt eget vel,
så kom med all din byrde!
Kom, legg den hos meg ned
og ta så i dens sted
mitt åk og visdom lær;
ti jeg saktmodig er
og ydmyk rett av hjerte.

Kommentarer
Legg inn en kommentar