«Sei til Sions datter: Sjå, Kongen din kjem til deg, audmjuk rir han på eit esel, folen til eit kløvdyr.» Matt 21, 5
Palmesøndag set Sions konge seg på ryggen til ein eselfole, og augo hans er fulle av tårer. Han kjem ikkje på ein stolt stridshest i brodden for ei stor hærmakt, nei, audmjuk sit han på ryggen til eit kløvdyr. Han rir heller ikkje inn i byen for å bli krona til konge i Israels heilagdom, men for å kjøpa oss frå jorda til Gud med blodet sitt.
Her er han som vil fagna deg
med sin kjærleik god,
her er han som vil gagna deg
med sitt hjarteblod.
med sin kjærleik god,
her er han som vil gagna deg
med sitt hjarteblod.
Ein slik konge passar for oss fordi han kan løysa «kvar syndebunden træl». Slik han kom den gongen, slik kom han til oss òg. Han kom då mor bøygde kne attmed vogga, han kom i skule, i kyrkje, i bedehus, i skog, i berg og dalar. Han kom då me drog ut frå barndomsheimen, ut i ei kald og syndefull verd med livsens vårsol over oss, han kom når natt og storm i livet gjorde oss urolege og tunge om hjarta. Han kom og ville frelsa det som var fortapt. Slik kom han til meg, og slik kom han til deg òg.
Tok du imot han?
Gjorde du ikkje, så ta imot han i dag. Han står for døra og bankar no. Opna opp for han, og han skal frelsa deg og i nåde føra deg inn i det evige riket sitt. Den største synda noko menneske kan gjera, er å stengja han ute.
Her er han som vil frelsa
kvar syndebunden træl,
opp, Sions dotter, helsa
og møt din konung vel!
kvar syndebunden træl,
opp, Sions dotter, helsa
og møt din konung vel!

Kommentarer
Legg inn en kommentar