«Meister,» svara Simon, «me har streva i heile natt og ingenting fått. Men på ditt ord vil eg kasta nota.» Luk 5, 5.
Den såre klagen som Peter bar fram den spesielle morgonen, er vel kjend blant kristne den dag i dag. Det tykkjest vera så lite som lukkast og så mykje som mislukkast.
Far og mor har ikkje berre streva ei heil natt, men eit heilt liv, så borna kunne bli frelste, men enno lever dei borte frå Gud. Den kristne læraren slit seg ut i klasserommet og ville så gjerne hjelpa dei små til Jesus, men arbeidet verkar nyttelaust. Venneflokken i bygd og by prøver å samla folk om ordet, men ingen vender om. Misjonæren sit utsliten mellom eit framandt folk som gir han spott og slag til løn for alle offera han har gjort for at Kristi namn skulle bli kjent. Sjukesystera ber for sjuke som gløymer alt når dei blir friske att. Den kristne forkynnaren sit trøytt og motlaus når kvelden kjem fordi han ser inga frukt av slitet sitt.
Du motlause Jesu Kristi tenar, tap ikkje motet! Ingen som tener Frelsaren med eit ærleg sinn, skal sakna frukt! Der er løn for arbeidet ditt. Den som gjer det gode, skal hausta i si tid, så sant han ikkje trøytnar. Når «evighetens morgen gryr,» skal me få sjå at Herren har velsigna arbeidet vårt.
«Dei som sår med tårer, skal hausta med fryderop.» Salme 126, 5.
Skal eg mang ein tungsam dag
sakna frukta av mi møda,
skal eg lida tunge slag,
skal mi sjel i sorger bløda,
på ditt ord eg dagleg skal
finna krafta til mitt kall.
sakna frukta av mi møda,
skal eg lida tunge slag,
skal mi sjel i sorger bløda,
på ditt ord eg dagleg skal
finna krafta til mitt kall.

Kommentarer
Legg inn en kommentar