«Fordi han sjølv har lide og vorte freista, kan han hjelpa dei som blir freista.» Hebr 2, 18
Det er useieleg stort at Gud gav oss Jesus til sonar for syndene våre, og det er òg useieleg stort at han går blant oss og vil frelsa det som var fortapt. Men er det mindre stort at han i livet sitt på jorda har røynt det same som me må røyna og at han difor kan hjelpa oss når me lir og blir freista?
Når frelsaren vår ser tårene i augo våre, kjem han i hug grunnen til at han sjølv gret. Og når djevelen freistar oss så me tykkjer me går som mellom odd og egg, då ser frelsaren vår på oss med eit hjarta fullt av medkjensle. Frå djupet av menneskenaturen hans stig det fram ei kraft som han har vunne i livsstriden sin, og hjarta hans ropar til oss: «Eg forstår deg, stridande bror og søster! Også eg har vore i same striden som du er i no.»
Når sjelene våre skjelv for ein stengd himmel og ein Far som skjuler ansiktet sitt for oss og me fryktar at det skal gå oss evig gale, då når dei tunge sukka våre fram til han, og på nytt ropar han til oss: «Også for meg var himmelen stengd då sveitten fall som blod på jorda og krossen stod sveipt i mørke!»
Å sjå frelsaren vår òg frå denne sida ber med seg stor kraft til alle Guds born som må li. Slik passar han så forunderleg godt for oss i det daglege livet. Prøv å sjå han slik i dag!
Det aldri var noen som Jesus på jord,
så medynksfull, kjærlig og mild!
Det finnes ei noen som Jesus så stor,
især for de får som fòr vill.
Han ofret sitt liv og betalte med blod
det skyldbrev som tynget meg ned,
– mot djevelen kjempet og seirende stod.
For meg skapte Frelseren fred
da korsdøden villig han led.
så medynksfull, kjærlig og mild!
Det finnes ei noen som Jesus så stor,
især for de får som fòr vill.
Han ofret sitt liv og betalte med blod
det skyldbrev som tynget meg ned,
– mot djevelen kjempet og seirende stod.
For meg skapte Frelseren fred
da korsdøden villig han led.

Kommentarer
Legg inn en kommentar