«Alle dei andre søkjer sitt eige, ikkje det som høyrer Jesus Kristus til.» Fil 2, 21
Det er ein tung dom over kristne menneske som er lagd inn i dette ordet. Freistande makter er alltid ute og vil fanga dei kristne i denne snara, kanskje meir no enn nokon gang tidlegare.
Først har me den faren som til alle tider meir eller mindre lurer på Guds folk, at ein arbeider i Guds rike for å ha ein leveveg eller for å få ære og makt. Det ville sikkert vorte mange tomme preikestolar både i kyrkjer og bedehus og mange tomme plassar i styre og arbeidslag, om alle dei vart tekne bort som er der for å ha ein leveveg eller vinna makt og ære.
Til dette kjem òg dei spesielle farane som skriv seg frå at dei kristne no er så sundkløyvde i mange arbeidslag og samfunn. Når det er slik, ligg det så mykje nærare å arbeida for «meg» og «mitt». Når eg vil gjera noko til bate for meg og min flokk, kan eg så lett komma til å skada det som andre gjer for Gud. Ingen som vil vera ærleg, kan lukka augo att for det at denne stygge skaden har ete seg inn mellom oss.
Den kristne som skal sigra her, får mykje å vaka over, stri imot og gi avkall på. Får ikkje Guds kjærleik makt i hjarta, går det oss gale. Men lukkeleg er den kristne som vinn og som har Guds vilje og ære til mål for alt det han gjer!
Hjelp meg, min Jesus, å, hjelp meg å vinna!
Gjer då min kristendom reinsa og ein!
Ta bort alt heidensk du i meg kan finna!
Rydd ut or vegen kvar støytande stein!
Reins i sin grunn hjarta og munn!
Gjer meg i trua sannferdig og sunn!
Gjer då min kristendom reinsa og ein!
Ta bort alt heidensk du i meg kan finna!
Rydd ut or vegen kvar støytande stein!
Reins i sin grunn hjarta og munn!
Gjer meg i trua sannferdig og sunn!

Kommentarer
Legg inn en kommentar