Vegen heim til Gud

Av Ludvig Hope

«Men trong er den porten og smal er den vegen som fører til livet, og få er dei som finn han.» Matt 7, 14

I Kristus er døra opna for oss inn til det evige livet. I han er det inga trong dør og ingen smal veg. Der er tvert imot så godt rom at den verste og største syndaren kan bli frelst med å tru på namnet hans, og vegen er så bein og grei at ikkje ein gong dåren treng gå seg bort.

Det er ikkje det Jesus har gjort for oss som er trongt og smalt; det tronge og smale ligg hjå oss og den verda me må igjennom. Vil me komma gjennom døra inn til livet og gå vegen heim til Gud, møter me ingen stengsler hjå Kristus, men i den vonde menneskenaturen vår, i vondskapens åndehær i himmelrommet og den ånda som rår i verda.

Å vera ein kristen er å ro imot straumen. Der er mange sterke stryk å komma forbi, men oppover går det mot livet. Den som driv nedover, går mot døden. Å berga livet er å missa det, seier Jesus, men den som misser livet, han vinn det. Sjela vil oppover, den vonde naturen i oss vil la det driva; difor må alle som vil berga livet missa det. Der er porten trong og vegen smal; men alle som trengjer seg inn i Guds rike med makt, dei riv det til seg.

Og så seier Jesus at det er få som finn porten og vegen inn til livet. Er du òg ein av dei få?

«Den som sigrar, han vil eg gi av den løynde manna. Og eg vil gi han ein kvit stein, med eit nytt namn rita inn, eit namn som ingen kjenner utan den som får steinen.» Op 2, 17b.

Herlegdommens himmel er verd all din strid,
verd all di bønn og di lengsle.
Ingen angra skal at han nytta si tid.

Krona fortener di trengsle.
Difor vakna opp, og til din frelsar kom!
Gjer deg ferdig no til Herrens store dom!
Bryllaupsklednad krevst av kvar einaste sjel
som inn i himlen vil komma.

Kommentarer