Vil du?

Av Aud Hole Asmundsson

«Om nokon vil tene meg, må han fylgje meg, og der eg er, der skal tenaren min vere. Den som tener meg, skal Faderen ære.» Joh 12, 26

Ordet «tenar» forbind vi vel i våre dagar helst med ein som arbeider hos overklassefolk i utlandet. Kanskje tenkjer vi på ordet som negativt. Men eg trur nok at dei fleste tenarar er det av fri vilje, og dei er glade for arbeidet sitt.

Det er også eit friviljug val om vi vil tene Jesus. «Om nokon vil tene meg...» eller «Den som vil tene meg.» Jesus vil at vi alle skal bli frelst, så frå hans side er saka klar. Men han har overlatt valet til oss.

Og han vil at vi skal vere merksame på kva som ligg i det å fylgje Jesus. Han er ikkje interessert i å lure oss. I den augneblinken vi tek i mot Jesus og blir frelst, vert vi på ein måte automatisk Jesu tenarar. Men Jesus set visse vilkår for at vi skal kunne tene ham med livet vårt. Vi må fylgje Jesus dagleg, vere saman med han. For somme kan dette innebere å gi livet sitt for trua på Jesus.

Det er godt å vere saman med Jesus i bønn og i samfunn med andre truande. Men vi kan treffe på vanskelege situasjonar i dagleglivet, då vi ikkje kjenner velsigninga i hjartet.

Jesus unngjekk ikkje problema då han var her på jorda. Når vi som Jesu tenarar bed om hans ledelse og hjelp i alle ting, veit vi at han står ved vår side både i glede og sorg. Og du kor godt det er å vite at Herren veit vegen, sjølv om tenaren ikkje alltid ser så langt.

Det står til og med i bibelverset at Gud skal ære den som tenar Jesus. Vi synest det er godt når andre menneske aksepterer og ærer oss. Men ikkje alle opplever det. Og det betyr vel også lite om du kjenner deg litt misforstått av andre. Gud skal ein gong ære Jesu tenarar.

Vil du? Skal vi seie saman: Ja, Jesus, eg vil vere ein trufast tenar for deg. Hjelp meg til å fylgje deg i alle ting, og vere viljug til å gå kvar du så måtte lede meg.

Kommentarer