Pengar spart?

Viser til Rattsø-utvalet sin rapport om lønsam drift gjennom meir effektiv bruk av pengar til jordbruk, distriktspolitikk og samferdsle.

No endrar dette vel seg, i alle fall når det gjeld jordbruk. Stadig fleire bruk vert lagde ned etter kvart som vi gamle stribukkane og slitarane overlet eigedomane våre til attgroing eller til ein einsleg bygdebonde. Desse ryktar etter kvart heile bygdene. Når så stadig færre finn trivnad i å bu der avdi der ikkje er eigedomar å drive og leve av, så flytter bygdefolket ut til bystroka og sentra. Dermed treng ein ikkje lenger bygge vegar for pendlarar og servicebedrifter ute i distrikta. Slik går Rattsøutvalet sine ynskjer og råd med tida i oppfylling:

Ikkje landbrukstøtte til dei som produserar mat på fjellbeiter eller på utkanttorver i bygdene, der er berre ein bonde att i bygdene i staden for før då det kanskje var 10. Pengar sparde her! Denne eine bonden kan få til gards dyrebil og mjølketankbil på geitesti. Vegen treng ikkje lenger gå gjennom bygda fram til dei som før budde der. Pengar sparde her også! Bussrutene gjennom bygdene kan avviklast. Siste bussen gjekk då bygdefolket var frakta til byen. Når folket bur i bynære strok slepp ein drive "kostbar" distriktspolitikk. Pengar sparde også her!

Ungdom og born som før lærde seg praktisk arbeid ved å gje ei hjelpande hand på garden, i skogen eller på sjøen kan no få oppleve "herlegheita" med alle tilboda som byen og tettstadane skiltar og freistar med. Ei lukke for dei som tener pengar på ulukke og fjas! Dei mest ivrige av dei nye "byfolka" kan nok få jobbar som natteravnar eller ryddehjelp i parkar og gater etter livet som gjerne føregår der, eller plukke sprøytespissar som gjerne kan pantast til gjenbruk - eller nyttast til sjølvbruk? Pengar sparde her også, kanskje?

Men kva seier så Rattsøutvalet om pengebruken innan asyl- og innvandrings-galskapen? Er pengebruken i denne sektoren gløymd? Er slik pengebruk lønsam for samfunnet? Er det her oljeøkonomien skal nyttast i staden for til matproduksjon og til levande bygder, det å ta landet og distrikta i bruk? Eg berre spør?

Talet på nordmenn går ned, men landet skal ha ein sterk folketilvekst, seier politikarane. Dette er noko dei gler seg til å vere med på, fortel dei oss. Men kva med maten då, til alle dei nye menneska som skal kome? Jau, maten må nok hentast frå område på kloden der hungersnaudene avløyser kvarandre medan menneskemassane aukar. Planen må vi tru er at når vi tek maten ut av munnen på dei som svelt, så kan vi også hente dei sveltande hit. Og dei er det millionar av! Så kan dei ete sin eigen langreist mat her, i staden for å dyrke og ete kortreist mat heime. Dette er som å høyre glade og falske tonar frå dei sjølverklærte miljøpartia, SV, Venstre og Krf, for å nemne nokre. Her er det vel ikkje snakk om å spare pengar, men heller å tene pengar. Så får vi håpe og tru at dei tente pengane går i dei djupaste og rette lommane.  

Ein ting synes sikkert: Alt i alt vart oljealderen ei ulukke for folk og land, "verda sitt rikaste land" lir under offentleg fattigdom medan toskeskap og "moroskap" kan symje i pengar. Slikt vert kalla lønsam drift av fedrelandet! 
Jau, takk og farvel!

Norvald Aasen,
6983 Kvammen

Kommentarer