Håpar Trump får infarkt

Av Norvald Aasen.

Herr redaktør:

To sider i Firda den 2. jan. 2018 fortel om Solbergs gjengen på Olefine som har løyst verdsproblem gjennom 35 år. Ikkje rart at det går utfor bakke med det meste på kloden!

Ved bordet vert det m.a. sagt at dei håpar Trump får eit infarkt. Kva forhold har denne personen, og dei andre rundt bordet, til Trump anna enn den årelange hetsen og negative propagandaen som media iherdig har pumpa utover folk og land? Som Helge Lurås sa det eingong: Media har kasta alle hanskar når det gjeld omtale av Trump.

At slike bordsetnadar, som Firda refererar frå, har som ynskje at menneske som dei ikkje likar må få innfarkt er stakkarsleg, men at Firda vidareformidlar slikt slarv er ikkje stort betre. 

Kanskje er ikkje den raude hjartevarmen og medmenneskelegheita så overveldande som vi har vorte opplærde til å tru? Personar som har opplevd at menneske har døydd av infarkt mellom hendene nærer ikkje slike groteske ynskjer for korkje vener eller uvener.

Norvald Aasen,
6983 Kvammen
Tlf. 57731844