IS-mødre og deira avleggarar

Av Norvald Aasen. 

Til statsråd, Kjell Ingolf Ropstad, Regjeringa. 

Eg ser at du vil ha IS-avleggarar til Noreg saman med borna sine mødre, og truleg etter kvart også deira fedre. Desse kvinnene meinar du vil verte straffa i Noreg.

Nokre spørsmål i den samanhengen: Kva skal dei straffast for i Noreg? Det er vel i det landet dei har delteke i IS sine grusomheiter at dei må få sine straffer?

Når du hevdar at desse kvinnene skal straffast i Noreg så føreset det at Noreg er ein rettstat. Det er vel stadig meir og meir som tyder på at så ikkje er tilfelle.

Eg kan også minne deg på historia om Suheila Andrawes som i løynd vart henta til Noreg og at ho fyrst var kjend for offentlegheita då ho hadde opphalde seg her i 4 år. Tyskland kravde henne utlevert for å stå til ansvar for drapet på den tyske Lufthansa-kapteinen som var drepen av henne under flykapringa i den somaliske hovedstaden. Det vart lova opprør av eindel kvinnelege stortingsrepresentantar om ho vart send til Tyskland. Men ho vart etterkvart send dit og fekk sin dom for ugjerninga, men lovnaden var at straffa skulle sonast i Noreg. Og den straffa vart svært kortvarig.

Eg er redd for at liknande vi skje om du og dine meiningsfeller får IS-avleggarane og deira foreldre til Noreg. 

Eg vil også spørje deg om kvifor vi aldri har høyrt deg vere uroa for dei kristne minoritetane i midt-Austen som no nesten er utrydda. Både nord-Afrika og midt-Austen var i førislamsk tid kristne landområder. Kvar har det vorte av desse? Og kva skjer, og har skjedd, med kyrkjene i mange muslimske land?

Det har også kome krav frå m.a. Abid Raja, og også frå Krf-hald, om at ein gut på fire år som oppheld seg i ein leir saman med si familie skal til Noreg. No har vårt land i 50 år teke imot mange pakistanarar, då fell det naturleg å tenke seg at Raja, som sjølv er pakistanar, ordnar med opphald for guten og hans familie i Pakistan. Som advokat vil Raja ha gode forutsetnadar for å påverke pakistanske styresmakter til å innvilge opphald for både denne guten med familie saman med mange andre liknande saker.    

Norvald Aasen, 
6983 Kvammen