Dagsrevyen den 19.02.2020

Av Norvald Aasen. 

Til Roger Sevrin Bruland, NRK. 

Minner om din reportasje fra den uhyggelige terroraksjonen i Tyskland den 19. febr. 2020

Du må ikkje sause saman høgreekstreme og nazisme. Vi som er kristiske til folkevandringar og som har ein fedrearv som vi verdset og vil verne om, vert kalla høgreekstreme av den venstrepolitiske mediaeliten, men vi har ikkje  tilknytning til nazismen.

Dette veit du Bruland!

I Aftenposten den, 26.03. 1992 skriv Einar Myklebust ein artikkel som han kalla "Nazismen på venstre side".

Her skriv han dette: "Som et kollektivistisk sosialistisk system hører nazismen hjemme på venstre siden av den politiske skalaen. Å omtale den som høyre-ekstremisme er meningsløst". "For nazismen og nynazismen er staten alt, individet intet".

Nazismen, Det nasjonal-sosialistiske tyske arbeiderpartiet, var ikkje eingong nasjonalistisk, det var imperialistisk slik Hitlers ven og alliansepartnar (Molotov - Ribbentropavtalen frå 1939) Stalin og kommunismen var. Det har ingenting med nasjonalisme å gjere at ein går til krig for å legge under seg ein heil verdsdel, Europa. Og det er også vidare imperialisme når Nazi-Tyskland saman med Italia, Japan og muslimar, som Stormuftien Haj Amin al-Husseini representerte, søkjer å oppnå verdsherredømme gjennom væpna åtak på ei heil verd. Dette har ingenting med nasjonalisme å gjere!  

Stalin var fasinert over kva den vesle korporalen frå Berlin fekk til, og Hitler fekk forsyningar frå Stalin då nazi-Tyskland la under seg europeiske statar. Men pipa i Kreml fekk ein anna lyd frå den 22. juni 1941.   

Ser vi på Europa i dag så har EU vorte ein europeisk stat under leiing av Tyskland. Dette har vi sett før, nemleg var dette også tanken til Hitler. Globalismen er også, slik eg ser det, ein gamald plan i ny drakt. Det var nemleg også dette globale verdsherredømmet som var planane til akse-maktene.

Sjølv om de globalistar hatar oss med nasjonalkjensle, vi som er glade i fedrearven vår, så må de holde dykk til fakta og ikkje i alt dykkar hat mot oss gjere oss den urett å kalle oss nazistar.

Eg må vedgå at eg ikkje lenger har tiltru til det mediaeliten fortel oss, dette vert også samtala om ved mange høve.
  
Norvald Aasen, 
6983 Kvammen