Nei til vindkraft

På Fitjar i Hordaland ligger ett av landets når 26
vindkraftanlegg. Foto: Stein J. Bjørge
Av Norvald Aasen. 

Til redaktør Finn Jarle Sæle, Norge I Dag.

I din avis, Norge I Dag, nr.44- 2021, les eg i ein av leiarane at avisa vil ha meir kraftproduksjon, for det seier Bellona og det seier Støre, og avisa er samd, må vite.

Vi må tole inngrep i natura for å klare det grøne skiftet, det seier både Bellona og Støre og alle andre som meinar at å rasere norsk natur vil redde verda. Men no skal vi redde verda også på alle andre frontar, berre Norge går føre og er spydspiss i alt mogeleg som nokon finn opp så vil verda sjå lysare ut, sjølv i myrkret. Dette er stormannsgalt sprøyt! Og avisa fortel at straumprisane som no har tynt det norske folk fortel oss at det hastar å bygge ut meir straum.

Sanninga er at Noreg har straum til eige forbruk i mengder, og vi har hatt det lenge. Stort sett det meste av elvar, bekkar og vassdrag, både store og små, har vorte bygd ut til kraftproduksjon. Men no har profittørane kasta auga på nye mogelegheiter til å fylle lommane med knitrande setlar. Det er vinkraft til lands og til vanns. Men så er det slik at det ofte bur menneske rundt i landet, sjølv om dei fleste slike ute i distrikta er nordmenn, og om dei skal måtte ha desse vindmøllene rundt seg i synsavstand og endå nærmare så pytt sann, kva er det vi skal ha sagt?  Alt av kapital, og det som den tilhøyrer, er av det gode. Ein grunneigar som ikkje vil ha slike monster på sin eigen grunn kan verte henta fra heimen av politi og ilagd bøter fordi han eller ho er glade i heimen sin og natura rundt. Så ille er det faktisk vorte i Noreg.

Det verkar som at redaktøren i denne avisa overser at ein stor del av den straumen som Noreg produserar fra vasskraft, og no også frå vindkraft, går gjennom dei mange straumkablane til utlandet. Når magasina er fulle går straumeksporten på høggir, når vi då får turrare periodar er magasina tomme og dermed må landet hente inn kraft frå utlandet. Dermed får vi her i landet svi for eksporten gjennom prisane. Då spør eg: Når så utlandet kan produsere straum til oss, kvifor kan dei då ikkje bruke denne straumen sjølv, og vi kan bruke vår straum produsert på vasskraft? Kvifor skal vi tømme magasina som vert fyllte i nedbørsperiodar for så å ha straumkrise når turken råkar oss? Er det berre profittørar og politikarar som ser logikken her, samt eindel aviser?

Ein eldre mann som i heile sitt vaksne liv hadde jobba i kraftforsyninga sa til meg at det var ei katastrofe at kraftforsyninga vart lagt på Børs.

Noreg skal forsyne eit Europa med kraft fordi dei ynskjer å auke folkemengdene gjennom masseinnvandring. Då må dei sjølve også syte for det som er naudsynt for sine auka folkemengder. Eit kvart land må syte for primærbehov til det folketalet dei ynskjer seg! Noreg sjølv har nok å ta fatt på i eige land når det gjeld slike tilhøve. Så skal visst eit av dei store framstega vere å elektrifisere oljeplattformene ute i havet med straum frå land. Dette må vere eit av dei mange glade vanvidd. Straumkablar skal leggast ut til plattformene som kunne ha eigne kraftproduksjonar ved bruk av gassen som dei tek opp. Kvifor ikke bruke denne gassen på plattformene? Er det verre å bruke den for eigen kraftforsyning der ute enn å brenne den opp på plattformene eller rundt i verda? Og når plattformer ikkje lenger er i drift må kablane hentast opp att, og kva har det blitt av fortjenesta med straumkablane frå land då?

Vi går frå staumkrise til straumkrise grunna alt som skal ha straum, som el-bilar, ferger og gravemaskiner, skriv avisa. Men då må det vel vere galskap å sende krafta ut av landet når vi heile tida har straumkrise. Dette er oppspinn, herr redaktør. Kva med alle batteri som må produserast til alle desse tinga som vert oppramsa som straumenforbrukarar. Når tid finn de ut at alle skip på verdshava skal drivast med straum, og kvar skal dei stikke innom i verda sine hamnebyar for å nå ein ladestasjon. Har Greta Thunberg sett heile verdseliten og avisredaktører med fleire, mange fleire, på sporet av noko som vanskeleg kan gjennomførast?

Krafta er vårt norske gull, skriv avisa - akkurat som laksen, visstnok. Og når olje er slutt treng vi nye 400 milliardar næringar som oljen - for å finansiere velferdsstaten, slik er eliten sine eventyr. Høyr her, redaktør. Det du skriv om at krafta er vårt gull, er såvisst ikkje vårt gull, men mange andre sitt gull. Og korleis vil Noreg sjå ut når de får planta landet med vindmøller for å få all den krafta de meinar vi MÅ ha - for å sende ut? Kva med denne velferdsstaten som er under press grunna alle avtalar som styremaktene bind landet til gjennom internasjonale organar som EU, FN og ei mengd anna der norske politikarar vil vere i førarsetet når det gjeld å leie givarlandsgrupper til det eine og det andre. I tillegg bind dei landet til andre lands familiar og statar gjennom stadig aukande tal statsborgarskap. Kvar er velferdsstaten når t.d. kreftsjuke menneske må ut på nettstadar for å få spleiselag til å finansiere sjukehusbehandling i andre land, som i USA - eller Finland? Og dei som ikkje får inn nok bidrag kan berre døy i stillheit. KVAR ER VELFERDSSTATEN DIN DÅ, herr redaktør?

Og 400 milliardars næringar skal vindmøllene stå for, for vasskrafta er vel nesten utbygd? Oljen vil vare endå i minst 100 år til, vert det sagt frå hald som visstnok har kunnskap om slikt. Kva veit vi om pengeverdien om hundre år, Finn Jarle Sæle, og kva veit vi om velferdsstaten og kva veit vi om Noreg? Vil Noreg vere norsk om hundre år? Mange har sine tvil om det!

Norvald Aasen, indre Åsen, Brekka 115, 6983 Kvammen

Sogn og Fjordane fylke

Kommentarer