Vise vei til himmelhavn

Av Ludvig Hope

For me er Guds medarbeidarar. 1 Kor 3,9a

Den kvila som Gud gjekk inn i då han hadde skapt alt, må ein vel seia tok slutt då porten til paradiset vart stengd. Etter den tid grydde det for Gud ein ny arbeidsdag, som enno ikkje er slutt.

Eit vake kristenauga kan sjå korleis alt det Gud er og alt det han rår over, er i arbeid for oss. Johannes såg ein søndagsmorgon på ei øy det som heretter skulle henda. Han såg den siste delen av Guds nye arbeidsdag, heilt til endes. Han såg òg inn i den store, nye kviledagshelga.

Men det me her vil minnast, er at Gud har kalla oss til sine medarbeidarar. Har me tenkt over det som ligg i dette av ære, av tiltru og av nåde for oss? Du og eg skal få arbeida saman med Gud! Og han ber oss om det sjølv. Slik som ein far gler seg over å få hjelp av borna sine i sitt arbeid, slik gler Gud seg over å få folket sitt med seg i det han har å gjera.

Det er trist at vanen skal ha slik makt til å leggja gløymsle over livsens adel og ære. Skulle ikkje dette få oss til å takka i herleggjord glede og springa han imøte til ein lukkeleg arbeidsdag? Paulus gløymde det ikkje og så jubla han ut: «Men ikkje det grann vørder eg livet mitt, berre eg kan fullføra løpet og den tenesta eg fekk av Herren Jesus: å vitna om evangeliet om Guds nåde.» Apg 20,24.

Denne tenesta har me òg fått.

Vise vei til himmelhavn,
til Guds Faders åpne favn,
til det gledens vell, det rike,
som på jord ei har sin like,
virke sådan i det stille,
det var det jeg gjerne ville.

Kommentarer