«Trøysta, trøysta mitt folk, seier dykkar Gud. Tala mildt til Jerusalem og ropa til henne at striden hennar er enda, at skulda hennar er kvitta, at ho har fått av Herrens hand dobbelt for alle syndene sine.»
Jes 40, 1–2.
Livskåra for Guds folk her på jord er ikkje alltid så ljose. Den som nektar at det er slik, har ikkje lært å kjenna verken verda eller seg sjølv. Gud har sagt oss at den vegen ein kristen må gå, er smal. Frykta for farane, for å bli liggjande etter, over at ein i så liten grad er det ein skulle og kunne vera, og mykje anna, gjer ein kristen ofte motlaus og redd. Det er i slike tider ein sukkar, saman med dei truande som var før oss: «Herren har gått frå meg, Herren har gløymt meg.»
Men Gud har rekna med at slike tider ville komma for oss, og difor har han lagt guddomstrøysta si inn i ordet sitt. Høyr litegrann av det han seier til oss: «Gløymer vel ei kvinne brystbarnet sitt, har ho ikkje medkjensle med den sonen ho fødde? Og om ei mor kan gløyma, så gløymer eg ikkje deg. Sjå, eg har teikna deg i hendene mine!» Jes 49, 15–16
Striden er enda, skulda er kvitta, me har fått dobbelt av Herren for alle syndene våre.
Skulle ikkje dette vera trøyst nok for oss?
Eg aldri gløymer Sion, så seier Herren Gud,
mi høgre hand då visst eg måtte gløyma.
Nei, aldri skal eg gløyma at Sion er mi brud,
som hjartebarnet vil eg henne gøyma!
Eg elles måtte gløyma dei djupe sår eg fekk,
då eg i angst og kvide for deg i døden gjekk.
Nei, Sion er mi aller største glede!
mi høgre hand då visst eg måtte gløyma.
Nei, aldri skal eg gløyma at Sion er mi brud,
som hjartebarnet vil eg henne gøyma!
Eg elles måtte gløyma dei djupe sår eg fekk,
då eg i angst og kvide for deg i døden gjekk.
Nei, Sion er mi aller største glede!

Kommentarer
Legg inn en kommentar