(. . .) då han kunngjorde oss løyndomen om sin vilje, den frie avgjerd han hadde teke om å fullføra sin frelsesplan når tida var inne: å sameina alt i Kristus, både det i himmelen og det på jorda. Ef 1, 9–10
Når eg les eit ord som dette, er det noko som grip meg og gir meg hug til å takka og tilbe. For ein rikdom å få sjå inn i dette som Gud har sett seg føre, at han vil sameina alt i Kristus, og så attåt få tru at ein sjølv skal få vera med i denne store samlinga!
Til meir eg prøver å komma inn i Guds ord, til meir anar eg at det levande pulsslaget i Bibelen, i tid og æve, er Kristus. Han har følgt med folket sitt gjennom alle tider, han kom og vart som ein av oss, han løyste alt ut med blodet sitt, han tok boka or handa til han som sit på kongsstolen, og han skal opna boka. Han har skapt alt, kjøpt alt, arva alt, ber alt, og alt skal sameinast i han, både det i himmelen og det på jorda.
Eg maktar dessverre å seia så lite om han, men eg kan då be alle å ta imot han som deira einaste bergingsmann. Det trur eg for visst, at den som lit på han, skal aldri bli til skammar. Å! alle de dårar som vrakar soningsdøden hans og tvilar på om grava hans er tom. Kor vil de av når han gjennom alle æver er den sola som aldri går ned og det midtpunktet som alt sviv om? Legg bort den innbilte visdommen dykkar og bøy dykk for han som bøygde seg i døden for oss, så me skulle leva i han!
Takk, Fader, at du var så god
mot Adams falne ætt!
mot Adams falne ætt!
Du frelste oss ved Lammets blod
og gav oss barnerett.
og gav oss barnerett.
Deg prisar no kvart andedrag,
kvart sukk og hjarteslag.
kvart sukk og hjarteslag.
Guds lam, for all din kjærleiks strid,
takk, takk til evig tid!
takk, takk til evig tid!

Kommentarer
Legg inn en kommentar