NB! Du må klikke på tittelen for å komme til kommentarfeltet.

søndag 25. januar 2015

Kampanje for masseinnvandring

I Firda den 17. januar får nordmenn vite kor lite vi er verd. På halve framsida i avisa vert det vist ein statistikk over kor elendig stoda hadde vore i fylket vårt, og i samfunnet, utan innvandring. Men her er noko som er utelate.  Kvar er dei nordmenn som skulle høyre heime her? Det finns også statistikkar over dette, men dei er nok ikkje interessante då dei ikkje tilgodeser meiningane til friabort-rørsla.

I 1979 var det innførd lov om fri abort med Gro Harlem Brundtland som sjefsjordmor. Dei fleste vil nok seie seg samde i at abort kan veljast ut frå helsemessige eller medisinske årsaker. Men at det skal vere helsemessige årsaker til at ca 15000  born årleg ikkje vert borne fram er vel grunn til å tvile på. Ei undersøking viser at over halvdelen av norske kvinner i Oslo under 25 år vel abort om dei vert gravide. Det er professor Anne Eskild ved Kvinneklinikken ved Akershus universitetssjukehus som har hatt hovudansvaret for undersøkinga. ( Norge idag, 03. 2007).

Når ein så tek ca 15000 årlege abortar og gangar med 35 år vert tala svimlande, forsiktig rekna ein halv million nordmenn. Når ein så legg til at dei 15 eldste årsklassane av desse no sjølve ville vore foreldre og fått sine born, så vert tala endå verre. Dette er nok den arbeidskrafta som det vert klaga over at vi manglar. Abortlova vart tvinga gjennom i ei tid då framandinnvandringa hadde fått fotfeste i landet. Tanken bak lova var truleg at med stor innvandring skulle nordmenn som folk reduserast. Arven etter Gro?

Hadde Norge vore den "humanitære stormakta" som vi høyrer om når politikarar skal ut i verda for å strø om seg med pengane våre, så kunne ein trudd at det hadde vore fornuftig med råd og hjelp til kvinner slik at dei kunne bere fram borna. I tilfeller der mor eller far sjølve ikkje makta ansvaret for barnet måtte det så kunne vere mogeleg for skikka ektepar i Norge å adoptere norske born. Truleg ville nokon av desse tapte, som tel  mange hundre tusen, også kunne teke jobbar i fiskeindustrien, sjølv om det ikkje skulle falle i smak hjå NAV, media og fleirtalspolitikarane.        

Samtidig viser denne statistikken at halvparten av kvinnene i Oslo som er 25 år eller yngre når dei føder er framandkulturelle.  Dette viser også vegen politikarane har staka ut for sitt eige folk!

Firda siterer NAV som seier at "Flyktningar er framtida". Det er då "fint" om NAV finn det nyttigt at det er krig og katastrofer i verda som kan hjelpe dei med "flyktningar". Dette vil også hjelpe NAV med å halde oppe eigen aktivitet enten klientellet er å finne i fiskeindustrien, eller vandrande gatelangs. For som vi forstår av denne kampanjen i Firda, som er ført ut til lesarane av Helge Johnsen, så er nordmenn ingenting verd. Dette vert også stadfesta i Firda den 19. jan. der avisa kan gle seg over at nesten alle partileiarane i fylket vil satse på "flyktningar". Altså vil heller ikkje dei lenger bry seg med nordmenn. Vi er nok gått ut på dato, sjølv om vi har skaffa byråkrati og politikarar ein velferdsstat som dei kan rasere. Når vi ser desse haldningane frå politikarar og byråkratiet, så kan det vere liten tvil om at her er ein politikk som går ut på å skifte ut folket, ikkje uttala, for det er den sjeldan, men politikk er ofte planlagd i det skjulte. Så ved komande val burde nordmenn flest manne seg opp og skifte ut politikarar som ikkje bryr seg med å satse på sitt eige folk.

Når vi tenker oss om er det vel slik at i harde og barske arbeidsoppgåver så er det som oftast nordmenn som gjer jobbane. Det er nordmenn som natt og dag, i vinterstormar og uver, heng i kraftmastene og sikrar oss straum til oppvarming og mykje anna som vert sutrar for. Dei sikrar at t.d. journalistar, politikarar og byråkratar har varme kontor slik at dei slepp å fryse på fingrane når dei driv å pirkar på tastatura. Det skal nok bli kaldt på fingarane hjå desse når dei skal sende nordmenn ned frå kraftmastene og "flyktningane" opp i dei.

Kampanja for innvandring held fram i Firda også den 20. januar, på tredje dagen. Politikarane har lova oss ein befolkningseksplosjon i åra som kjem. Då er det vel opp til pressa å gje noko tilbake for pressestøtta. No er det asylkonsulenten i Flora, Arild Melvær, som kvitrar i kjend stil om kor rike dei har vorte i Flora grunna innvandringa. Og utan dei ville bygda hatt vel 600 færre innbyggarar, får vi vite. Skulle dette vere noko katastrofe då? Vert det satsa nok på å sluse norsk ungdom inn i arbeidslivet i staden for ut?

Det burde vere ei skam å hevde at vi må ha innvandring for å halde oppe folketalet i landet, når det i offentleg regi vert fjerna tusenvis av born av vår eige folk kvart einaste år. Er det dette som gjer Norge til ei "humanitær stormakt"? 

Men det er vel grunn til å tru at det som har skjedd dei siste vekene i Europa inspirerar makteliten til meir innvandring?

Samfunnet vårt vert vel "varmare" og meir eksotisk på det viset?

 
Norvald Aasen
6983 Kvammen,
20. 01. 2015