Trim sjølv, Knut Magnussen!

I Firda den 24. jan. d.å. skriv Knut Magnussen i si faste spalte om "Trim for rasistar". Han viser til organisasjonen Pegida som demonstrerar mot muslimsk innvandring til Europa. Denne gruppa marsjerar ikkje, slik Magnussen hevdar, dei går i demonstrasjonstog for å tilkjennegje eit politisk syn. Dei nyttar sin rett til å prøve å påverke europeeske styresmakter til å vere føre var når det gjeld den muslimske innvandringa til vår verdsdel. Dette synes Knut Magnussen tydelegvis er svært så ille. Ingen veit betre om alt mellom himmel og jord enn det journalister gjer, og ingen er visstnok meir perfekte enn det dei er. No skuldar Magnussen å fortelje lesarane kva for rase islam/muslimar tilhøyrer! For slik han ordlegg seg må vi forstå det slik at muslimar tilhøyrer ein eigen folkerase. Altså at det er rasisme å ikkje ynskje eit Europa under islam? 

Magnussen fortel at i Pegida sine kretsar likar dei å marsjere. Slik ynskjer Magnussen å koble Pegida til det vi kjenner frå nazi-Tyskland. Her viser Knut Magnussen i tydeleg språk at enten uttrykker han seg mot betre vitande eller så er han kunnskapslaus, kanskje mest det siste. Men i den norske presse og resten av media treng ein ikkje ha historiekunnskapar. Då er det nok å vere anti-nasjonal og ha lært seg kodeorda som rasisme, nazisme, framandfiendtleg og liknande. Då er dei tydelegvis kvalifiserte til å fore redaksjonane med sin djuptsitjande intoleranse overfor andre sine meiningar.

No var det ikkje berre nazistane som marsjerte i si tid, det gjorde dei også på den Raude Plass i Moskva, og på den "Himmelske freds plass" i Peking. Kommunismens "himmelske fred" fekk vi sjå på tv-skjermane for ikkje mange år sidan. Der knuste kinesiske styresmakter fredelege demonstrantar med stridsvogner. Har du nokre stridsvogner på lur  mot Pegida, Knut Magnussen? Og heilt i det siste så marsjerar Den muslimske stat, IS i Midt-Austen, også med greiner til Vesten. Det seinaste av den utgåva såg vi for nokre veker sidan i Paris. Det er slike tilstandar Pegida demonstrerer mot, og det får Magnussen, i kjend sjølvgod og hovmodig stil, til å slenge skit mot dei.

Det er no bra at aviser som elles slit med mangel på spalteplass har opne sider for faste skribentar med det "rette" politiske syn.  

VG skriv den 13. jan. 2015 dette: "Hvem truer? Terrordramaet i Paris var et angrep på ytringsfriheten, men hvem er det som truer ytringsfriheten lokalt? Debattredaktører fortjener et skarpt søkelys. Noen sorterer tydeligvis leserbrev basert på sine egne fordommer".

Sanninga i dette sitatet frå VG kjenner vi som er politisk opposisjonelle så altfor godt!

Så ei lita påminning til Knut Magnussen: Om Pegida hadde demonstrert i nazi-Tyskland så hadde dei nok hamna i utryddingsleirar saman med jødane. Det er eit faktum at Hitler hadde muslimar som rådgjevarar i planen om utryddinga av jødane. Det er også eit faktum at det vart oppretta muslimske brigadar på Balkan som bistod dei nazityske hærstyrkane i området. Meir kunne nemnast her.

Når vi kjenner dette så vert det rimeleg historielaust å hevde at dei som i dag demonstrerar mot muslimsk innvandring til Europa skulle ha sine førebilete i nazismen.

Men for journalistar og mediafolk elles så er det ikkje naudsynt å vere sakleg. Der i garden er det nok å spre sin intoleranse over dei som er politisk ukorrekte i samfunnet. For slike har ingen klagerett. Dei politisk korrekte samfunna er lygna og uretten sine samfunn. Slike samfunn kjenner vi att både frå kommunismen, nazismen og muslimske statar, der dei som støttar dei totalitære skrekkregima kan lyge og bedrage borgarane, og om dei vil, ta livet av dei.

Knut Magnussen kan trimme sjølv, kan hende han treng det. Desse som Magnussen kallar rasistar er fritt vilt grunna deira ynskje om ikkje å verte offer for slike som Knut Magnussen kan ligge på kne og olbogar for i framtida. 

Norvald Aasen,
6983 Kvammen
24. 01. 2015

Kommentarer