Til Lars Gule, NRK

Innslag på Dagsrevyen, 04.03.2016:
Lars Gule står ofte fram som "terroristforskar" og "valdsforskar" i NRK-bobla. I Dagsrevyen 4. mars var det gruppa Odins Soldatar han og Ingvill Bryn ville avdekke. Denne gruppa skulle vere rasistar og nynazistar på den ekstreme høgresida, kunne dei fortelje oss!

Her trur eg Gule har snubla i eige skjegg?
Kva anna enn jødehat kan ligge bak når ein mann stappar eksplosivar i ryggsekken for å reise til Israel med tanke på å sprenge dynamitten og kanskje drepe jødar? Er det noko anna enn rasisme som ligg bak når ein hatar eit folk så sterkt at ein gjer slike ting? 

Dermed burde ikkje du, Lars Gule, stemple andre som rasistar! Det kan ikkje stå rart til i NRK når dei nyttar slike personar som sanningsvitne når dei skal henge ut eigne meiningsmotstandarar.

Høgreekstrem og nazisme / nynazisme? Dette høyrer då ikkje saman anna enn i venstresida si propaganda for å tåkelegge eigne handlingar og ståstad. Nazismen var då så klårt sosialisme, det låg endå til i namnet på ideologien. Dermed, Lars Gule, høyrer nazismen / nynazismen til på venstresida, der truleg både du og det meste av media og NRK høyrer heime. Eg må berre seie: Vel bekomme! For verken du eller Ingvill Bryn er vel så korka at de trur at sosialisme tilhøyrer høgresida? Dessutan så passar jødehat og nazisme godt saman. Hitler nytta seg av muslimar som rådgjevarar i sitt brotsverk mot jødane. Skivebom frå Gule og Bryn!

NRK hadde forska på Odins Soldatar og funne ut at mange av dei hadde vore straffa for vald. Ja, vel, det er ikkje bra! Men burde Lars Gule og Ingvill Bryn og NRK gått eindel miljø på venstresida etter i saumane for å sjå om der var personar og grupper der som hadde vore valdelege og valdsdømde? 

Truleg ville dei "ikkje funne" nokon valdelege eller valdsdømde i venstreekstreme miljø, som t.d. blitz eller innan innvandrargjengar. Men kvifor ikkje det?  Jau, fordi dette er vald som synes å vere akseptert, og dekka over, innan store delar av makt- og kjendiseliten, og den eliten finn vi stort sett på venstresida. Der finn vi også, som eg før har nemnt, mykje anna styggedom. Mange kallar dette miljøet for pol-pottarar! Og det som ungdomsidolet på venstresida, Pol Pot, utførde låg ikkje særs mykje tilbake for Hitler sine brotsverk.  

I alle høve synes eg at "valds- og terrorist" forskaren Lars Gule kastar stein frå eit skjørt glashus! Eller for å minne om eit anna sitat: Flisa i din neste sitt auge ser du, men bjelken i ditt eige auge oppdagar du ikkje. Men slikt synes å vere gode eigenskapar på venstresida.

Norvald Aasen,
6983 Kvammen      
(Brevet vert lagt ut på ulike nettstadar)