"Folkets valgte representanter" og dei "folkevalgte"

Av Norvald Aasen

I kveldens reportasje frå Trontalen i Stortinget, den 3. oktober 2016, merkar eg meg at Stortingspresidenten snakkar om "Folkets valgte representanter" og dei "folkevalgte".

Eg må minne Stortingspresidenten om at representantane på Stortinget ikkje er folkevalde, men valde av partia. Når det er val vert vi så minna om vår "borgarplikt", altså at vi har ei plikt som borgarar til å velje, og dei vi skal velje er personar som parti har valgd for oss.

Er dette demokrati, herr Stortingspresident?

Minner om at slike val fungerar godt i andre totalitære samfunn, men at ikkje alle av oss finn partivalde representantar som våre rette talsmenn eller talskvinner. Og kva gjer vi då? Jau, vert sofaveljar.

Snart 40 % av dei røysteføre er heimesitjarar, utan at dette vekker uro i makta sine korridorar.

Der gjer dei likevel som dei vil! Makta styrer og rår arrogant og motbydeleg, slik den alltid har gjort!!

Norvald Aasen,
6983 Kvammen