Kva slags politikarar har vi lete oss lure til å vanstyre landet?

Av Norvald Aasen.

Til
Torgeir Micaelsen, AP
stortinget.

Høyrde deg på radionyheitene i dag i samband med Regjeringa sine planar om oppussing av sjukeheimar osv.

No er det slik, Micaelsen, at når vi vanlege døydelege høyrer dykk politikarar klandrar kvarandre for ting som vert gjort feil - eller ikke vert gjort - så tenker vi gjerne at: Kvifor fekk dei ikkje gjort alt rett når dei sjølve sat i regjering? Slik er det for alle partigrupper og parti. Og AP sat jo med regjeringa i 8 år inntil 2013!

Du uttala deg også om denne evindelege "eldrebylja" som visstnok berre skal gjelde oss nordmenn. Alle desse mange hundre tusen framande som de har henta inn i landet er visst såleis evig unge og vil, etter det vi skjønar, aldri hente noko ut av aldersdpensjon eller på nokon måte ligge samfunnet til byrde slik visstnok vi nordmenn gjer! Desse framande vil berre bidra, slik vi forstår?

Men, herr Torfinn Micaelsen, kva er grunnen til denne "eldrebylja"? Kva har det vorte av dei nye generasjonane av vårt folk som skulle ta over arbeid og omsorg for oss som har arbeidd frå vi var små og langt opp i åra? Svært mange av oss vert avspiste med minstepensjonar, medan vi ser at nykomne "ressursar" susar forbi oss i sosiale ytelsar.

Gro Harlem Brundtland, dykkar gudeskikkelse i AP, stod høgt på barrikadane for fri abortsaka på slutten av 1970-talet.

Eg veit ikkje om du er gamald nok til å hugse det, men eg hugsar det. Dette samstundes som ho la fram planar om masseinnvandring på grunn av at vårt samfunn og folk var altfor homogent. Og kva vert resultatet når ein vedtek ved lov å drepe ned eige folk medan ein legg opp til framand-etnisk og framandkulturell masseinnvandring?

Jau, ei utskifting av det opprinnelege folkeferd, sjølv om dette folket har historisk heimstadrett til dette landet!

Så kan du gjere eit lite reknestykke, herr Micaelsen! Du tek omlag 16000 årlege abortar av vår ætt og gangar dette talet med omlag 35 år. Så tek du dei 15 eldste av desse årgangane, som no sjølv ville vore i foreldregenerasjonen og legg eit snitt av deira tal born opp på toppen av den fyrste summen. Sluttsummen av det du kjem fram til vert dei som skulle gjort at de hadde teia om "eldrebylja". For vi hadde vore sjølvhjelpte med dei som skulle ta over etter oss plagsame eldre!  Og ein annan ting som kan seiast om det talet du får av reknestykket eg nemnde er at dette er eit Folkemord på eige folk!

Kva slags politikarar har vi lete oss lure til å vanstyre landet? Kva slags "landsmoder" er det de skryt av? Er du stolt av å vere eindel av eit slikt system, Torgeir Micaelsen? Eg skjønar godt at Krf vil alliere seg med AP!

Norvald Aasen,
6983 Kvammen