NB! Du må klikke på tittelen for å komme til kommentarfeltet.

lørdag 22. oktober 2016

Til URIX redaksjonen

Av Norvald Aasen.

Viser til annonseringa av kveldens URIX. (19.10.2016)

Her får vi vite at de skal sjå verda med Putin sine auge. Og de seier at når Vesten vert fiende og Russland er involvert i to blodige krigar korleis fortonar dette seg i Putin sine auge?

Hei, URIX-damer: Snu på flisa! Det er vel Vesten og NATO som har Russland og Putin som fiende, og Vesten og NATO er involvert ikkje berre i to blodige krigar, men i fleire. Dessutan driv NATO å provoserar Russland med styrkar og militært materiell og personell kloss opp til Russlands grenser i nord, vest og i sør. Vesten og NATO har delteke i borgarkrigar og regulære invasjonskrigar i mange land.

Her kan vi sjå på Afghanistan, Syria, Irak, Libya og med såkalla personell til "opplæring" av militære avdelingar i Polen, Baltiske statar og Georgia. Går vi litt lenger tilbake kan vi minnast den blodige bombinga av Serbia i 78 døgn i 1999. Reine terrorkrigen mot eit lite kristent land på Balkan.

Kva har Vesten og NATO oppnådd bortsett frå at dei gjer verda fårlegare? De må ikkje halde fram med å servere oss Vesten og NATO/EU som utgåver av heilage kyr. Når det gjeld mange reportasjer om Israel og midt-Austen som URIX har servert har overtrampa og einsrettinga i disfavør av jødane og Israel vore så grotesk at det for meg ikkje har hatt noko informasjonsverdi. 

Så ein kommentar til innslaget på URIX den 18.10.2016:

Programmet handla om USA-valet og ikkje minst uthenging av Donald Trump. Så seier Gry Blekastad Almås til Tove Bjørgås noko sånt: Innvandrarar utgjer den amerikanske "nasjonen".

Men USA kan ikkje kallast ein nasjon. Hadde Gry B. Almås uttala at innvandrarar utgjer den amerikanske stat hadde det vore rett, slik eg ser det. Ein nasjon er eit felleskap stort sett befolka med menneske med same historiske og kulturelle bakgrunn, og der språk og tradisjonar er for det meste lik. Slik er ikke USA i dag. Ein treng ikkje ha vore mykje i USA for å sjå motsetnadane gruppene millom grunna kulturelle- og etniske skilnadar.
  
Eg har slutta å sjå dykkar program då eg finn dei villeiande og lite sannferdige, og føler at ting vert sett medvite på hovudet slik at det passar best inn i dei politisk korrekte føringane som vi skal la oss hjernevaske til å fylgje.

Eg er berre nøydd til å seie mi meining, som eg også veit er delt av mange andre.

Norvald Aasen,
6983 Kvammen