NB! Du må klikke på tittelen for å komme til kommentarfeltet.

lørdag 21. januar 2017

Til Heikki Holmås, SV. stortinget

Av Norvald Aasen.

Det var ganske utruleg å høyre deg på dagsrevyen i kveld (18.01.2017) der du snakkar om at når ein får norsk statsborgarskap så vert ein "nordmenn". Veit du så lite eller, som eg trur, det ligg andre ting bak, nemleg hå og mobbing. 

Det er utruleg at ein person som sit på stortinget ikkje veit at nordmenn er namnet på eit folk som har budd i dette landet gjennom mange tusen år. Det er også utruleg at ein slik person ikkje veit at det å ha fått eit dokument som eit statsborgarskap er dermed ikkje skifter etnisitet, men beheld sin etnisitet livet ut same kor mange statsborgarskap vedkomande får!

Ein person kan då ha fleire statsborgarskap, kor mange ulike nasjonalitetar vil vedkomande så ha? Då er det ein ting som gjenstår, herr Holmås, og det er at du, og andre som uttalar deg slik, ønskjer å håne og provosere oss som er nordmenn! Nett det er vorte ein sport hjå dei politisk korrekte i dette landet. Dei kan gjere nett som dei vil medan de held oss andre for ap.

Kven trur du Ivar Aasen meinte då han skreiv diktet Nordmannen? Der det heiter: Millom bakkar og berg utmed havet heve nordmannen fenge sin heim, der han sjølv heve tuftene grave og sett sjølv sine hus opp på deim.

Kva sa Høgsterettsjustitiarius Carsten Smith om kven sitt terrirorium staten Norge var etablert på. Jau, det var på territoriet til to folk, nordmenn og samar. Og der står ingenting i den teksten at staten Norge er etablert på territoriet til somaliarar, afghanarar, pakistanarar eller marokkanarar og vidare. Men tilhøyrde to folk, nordmenn og samar.

Hermed slær eg fast som min forståing av deg at du rett og slett hetsar og mobbar meg og dei delar av mitt folk som endå ikkje har vorte femtekolonnistar for dei nye herrefolka. Og slike som går i ærend for framandherrane er låke kvinner og menn.

Kan minne deg om kva Jus.prof. Nikolaus Gjelsvik skreiv alt i 1920 åra: For den som sputtar på sitt eige folk, og det som høyrer folket til den manne vert velsedd hjå framandherrane. Den mannen kann dei bruka. På den måten dreg framandstyret fram dei låke element hjå folket, og held dei gode nede, og folket vert lett demoralisera. 

Norvald Aasen,
6983 Kvammen