Lat meg falla i Herrens hand

Av Andr. Fleicher

«Men eg er alltid hjå deg, du hev gripe mi høgre hand.» Salme 73,23.

I denne djupe og mektige salmen hev den heilage songaren Asaf gjenge til rettes med Gud, — liksom Job — for den til synes meiningslause styringi her på jordi. Det gjeng dei gudlause godt, og Gud tykkjest ikkje hjelpa borni sine til sin rett. Og Guds heilage songar sjølv vert beisk og vonlaus.

Men mot alt dette leide og meningslause set han ei stor og avgjerande kjensgjerning, som meir enn gjer upp for alt det leide og tunge: Men eg er alltid hjå deg. Det er den same lovnaden Jesus gav læresveinane: Sjå, eg er med dykk alle dagar, so lenge verdi stend. Og Gud hev gripe mi høgre hand. Han hev teke meg, og Han held meg fast. Eg høyrer Gud til, som hev skapt meg, og som hev atterløyst meg, og som difor og vil leida meg ved Guds råd, til dess Han tek meg upp til seg i æra.

Dette Guds-ordet skulde då og vera hjelp og trøyst nok, — som vår Herre og Frelsar sa, då Han gjekk inn i lidingsnatti: Eg er ikkje åleine, — Faderen er med meg. At Gud hev gripe mi høgre hand, vil og segja, at Gud hev gripe inn i mitt liv, og at Han hev gjeve meg prov på prov for si serlege forsyn og nåde og umsut. Han hev ført meg inntil no, steg for steg, og Han vil føra meg vel fram til målet.

Di kann eg frimodigt segja: Eg tarv ei sjå min veg, so langt og vidt. Eitt steg er nok åt meg. Men me vil og segja som David: Lat meg falla i Herrens hand, for Hans miskunn er stor, men i mannehand vil eg ikkje falla.

Kommentarer